Sunnmørsposten som er del av Polaris Media Nordvestlandet, har inngått avtale med eigarane av Sykkylven Media AS, utgjevar av lokalavisa Sykkylvsbladet, om kjøp av 100% av aksjane i selskapet.
Rett tidspunkt å gjere det på
Sykkylvsbladet er lokalavis for Sykkylven med eit opplag på om lag 2.500. Planen er å utvide tilbodet til Sykkylvsbladet sine lesarar og annonsørar, med nye digitale lesar- og annonseprodukt.
– Vi tok til i Sykkylvsbladet i 1982, og når vi no har nådd pensjonsalderen, fann vi det rett å overlate avisverksemda til ein annan aktør, seier redaktør og dagleg leiar Frank Kjøde og marknadssjef Åge Eikrem, som likevel enno ei tid held fram i sine stillingar.
– Etter ei totalvurdering har vi kome fram til at Sunnmørsposten er det rette valet med tanke på å vidareutvikle Sykkylvsbladet sin posisjon. Sunnmørsposten har vist at dei kan balansere rolla som mediehus for Nordvestlandet, kombinert med det å vere eigar av lokalaviser i den same regionen. Med dei nye eigarane har vi ei felles målsetting om å vidareutvikle Sykkylvsbladet sin posisjon, og vi ser med spesiell forventning fram til at lokalavisa skal gi nye, digitale tilbod til både lesarar og annonsørar, seier Frank Kjøde.
Ulike eigarar gjennom åra
Sykkylvsbladet vart skipa i 1946, og har i løpet av desse snart 75 åra hatt ulike eigarar.
Kjøpet av Sykkylven Media AS og Sykkylvsbladet utvidar Sunnmørsposten si rolle som eigar av lokale mediehus på Nordvestlandet. Frå før er Sunnmørsposten eigar av Sunnmøringen, Møre-Nytt, Vestlandsnytt og Vikebladet Vestposten på Sunnmøre, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen i Nordfjord og Mediehuset Skjåk Mediautvikling (utgjevar av Fjuken) i Ottadalen, som igjen er eigar av Vigga og Dølen (50 prosent) i Gudbrandsdalen. Sunnmørsposten er ein del av Polaris Media Nordvestlandet som etter oppkjøpet består av 15 mediehus som har nesten 80.000 abonnentar. Polaris Media Nordvestlandet er eit underkonsern av Polaris Media ASA, som er blant dei raskast veksande mediekonserna i Norden, med totalt 51 mediehus, 550.000 abonnentar og om lag 3,6 milliardar kroner i omsetning.
Vil styrke posisjonen ytterlegare
Sykkylvsbladet har over mange tiår utvikla ein sterk posisjon i sitt dekningsområde. Sykkylvsbladet sine lesarar og annonsørar vil no kunne sjå fram til eit utvida tilbod med vektlegging av digitale innhaldsprodukt. Sunnmørsposten vil vere ein pådrivar for at dette vert etablert raskt ved å stille fagressursar og utviklingsmiljø til disposisjon. Både lesar- og annonsemarknaden er i rask endring, der konkurransen også er skjerpa, og som ny eigar vil vi bidra til å styrke posisjonen i den lokale marknaden ytterlegare, seier administrerande direktør i Sunnmørsposten, Kjell Slinning.
Direktør for lokale mediehus i Sunnmørsposten, Lidvar Flydal, ønskjer Sykkylvsbladet velkomen inn i eit etablert og godt samarbeid mellom Sunnmørsposten og dei andre lokale mediehusa på Nordvestlandet. Dette nettverket har utvikla eit tett og nært samarbeid over lang tid, både redaksjonelt og marknadsmessig. Dette vil etter kvart også bidra til eit styrka og utvida tilbod til lesarar og annonsørar i Sykkylven, seier han.