Med det varme vêret har snøsmeltinga skutt fart og ned frå alle små og store elveløp straumar vatnet i strie straumar. I Tafjord fossar vatnet over Zakariasdemninga og mange tek turen for å sjå. Onilsavatnet er òg fullt og elva frå vatnet og ned til fjorden er kjempestor. Eit flott skue for dei som likar slikt. Slufså og Muldalsfossen er òg fantastiske skue akkurat no.