Kommunane Stranda, Sykkylven og Fjord har gjort vedtak om å forlenge dei karantenekrava som vart vedtekne for ei veke sidan, men opnar opp for at næringsaktørar kan søkje dispensasjon dersom karantenekrava skulle medføre store ulemper for næringsaktiviteten. Dette vedtaket gjeld i første omgang til og med måndag 30. mars. Vedtaket er grunngjeve i smittevernlova og tar utgangspunkt i at desse kommunane framleis er i fase 1 av epidemien.
Dei tre kommunane har intensjon om å vidareføre strenge karantenekrav også vidare, men avventar nasjonale retningsliner som er venta løpet av helga.
Karantenekrava, slik dei vart vedtekne av Fjord kommune, finn du her http://www.fjord.kommune.no/koronaviruset/nyheiter/skjerpa-karantenekrav.63961.aspx
Ordførari Stranda, Jan Ove Tryggestad
Ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug
Ordførar i Fjord, Eva Hove