Drivarane av Tafjord Båthamn og Bistro/Camping fortel at dette er niande sesongen dei driv i Tafjord. Det framlegg til vedtak som no ligg i reguleringsplansaka, gjer dei sinte og lei seg.
– Vi har kjempa for å få alt du ser rundt deg no på plass. Hvis formannskapet si tilråding til kommunestyret blir vedtatt på torsdag, så er det forferdeleg for oss som har satsa her inne. Det vil faktisk vere kroken på døra, seier Anne Grete Søberg og Per Loe.
Seks til åtte vogner må flyttast
Utviding av friområdet slik det er skissert i formannskapet sitt vedtak, vil bety at ein stad mellom seks og åtte vogner må fjernast frå campingplassen. I alle fall éin av plassane har vore nytta av same familie i nær 30 år.
– Det er ikkje berre berre å fjerne vogner og spikertelt og alt saman. Og ikkje er det nokon stad å flytte dei til heller, om ein ikkje skal fylle opp dei få drop in-plassane vi har her. Om dei må flytte på seg, flytter dei ikkje til ein annan plass her på campingen, då reiser dei herifrå, slår Søberg.
– Kva løysing kan de leve med då?
– Vi vil helst at det skal vere som i dag, seier dei to som er tydelege på at om det faktisk blir slik det ligg an til no, er ikkje campingen lenger drivverdig økonomisk, slår dei to fast og legg til at det også høyrer med til historia at dei har vore i dialog med Sparebanken Møre som eig campingen med tanke på å kjøpe.
– Banken – som forøvrig stilte seg positiv til at vi får kjøpe – rådde oss til å vente til prosessen med reguleringsplan var ferdig og eigedomstilhøva avklarte. Når vi ser kva som er i ferd med å skje, var det kanskje ikkje så dumt å vente, seier Per Loe
Låser døra og reiser
– Kva gjer de om kommunestyret går for innstillinga frå formannskapet?
– Då er det å gå i gang med å plukke ned gapahuken – og så låser vi døra og reiser herifrå. Det er trist å måtte seie det, men det er slik det vil måtte bli. I ni år har vi drive på her utan å ta ut lønn til oss sjølve, alt vi har tent på campingen har gått tilbake til campingen i form av oppgradering av servicebygget, bygging av gapahuken, renovering av kjøkken – og mykje anna, fortel dei to som seier at sjølv om forholdet til enkelte grunneigarar, og særleg éin, er anstrengt, så er bygdefolket elles flinke til å bruke tilbodet deira.
– Bygdefolket kjem og kjøper seg mat – nokre kosar seg til og med med eit glas vin eller ein øl også, seier Per Loe som fortel at tilbakemeldingane på drifta deira er gode. Han synest det er trist å måtte lide for «tidlegare tiders synder».
– Vi er som ein einaste stor familie her, slår han fast og er svært glad for alle støtteerklæringane dei har fått på facebooksida til campingen etter at formannskapet si tilråding til kommunestyret vart kjent.
Skal ein tru meldingane som tikkar inn der, kan det hende det blir tilskodarar til stades når kommunestyret samlast til møte i grendasalen i Stordalshallen førstkomande torsdag.