Eit samrøystes formannskap vedtok førre veke å justere planforslaget som låg føre ved å utvide området avsett til friområdet vestover. Det betyr å «ete» litt av det som no er campingplass, med den konsekvensen at fleire vogner må vekk.
Innstillinga slik den låg føre gjekk på å vedta reguleringsplanen for Tafjord Friluftsbad, småbåthamn og camping slik den låg føre.
Nytt framlegg til vedtak
Ordførar Eva Hove (Ap) sa ho sidan synfaringa hadde tenkt mykje på område ein no skal regulere.
– Vi må få ein plan som passar med terrenget, sa ho og la til at ho var blitt i tvil om det ville vere rett å vedta reguleringsplanen slik den låg føre.
– Det er aktivitetar og satsingar på gang i Tafjord og eg trur god tilkomst til fjorden er viktig, det er ikkje det same å gå gjennom ein campingplass når ein skal til sjøen. Derfor har eg drista meg til eit forslag til eit anna vedtak, sa ho.
Ordføraren sitt framlegg til vedtak er å justere planforslaget slik at området avsett til friområde vert utvida mot vest. I tillegg inneheld framlegget hennar eit punkt to der ein ber om ei snarleg avklaring på eigedomstilhøva for område der det er reist spørsmål ved eigedomsretten.
Lars Kristian Øvrebust (Sp) sa han hadde sansen for det ordføraren la fram og har sansen for å ikkje tette att strandsona med ein campingplass. I tillegg meinte han at politikarane må ta heile steget no og ikkje kome att om nokre år for å stramme inn meir.
– Eg trur faktisk ikkje vi skal vere redde for å ta hardt nok i no. I tillegg er grunneigarane opptekne av dette med nausttomter – det synest eg vi bør prøve å få med, sa han.
– Må ikkje tukle for mykje med campingen
– Ein kan gremmast med tanken på tida og ressursane som er nytta på denne saka. Vi skal vere klar over at campingen er veldig viktig for Tafjord, eg trur den vesle endringa som ordføraren kjem med, er vanskeleg nok og vi veit enno ikkje kven som eig arealet. Eg trur reguleringsplanen i seg sjølv er relativt nær fasiten, med eit litt større friområde, meinte Viktor Valdal (H).
– Vi må ikkje tukle for mykje med campingen, det er den som skaper liv og røre i bygda, vert det sagt. Det er bestandig fleire sider ved ei sak, minte Olav Løvoll (Ap) om.
– Min intensjon var å klare å halde campingen så stor og attraktiv at den er drivverdig. Det vil vere uheldig om vi gjer grep som slår beina under det, syntest ordføraren som meinte at ho med framlegget sitt hadde forsøkt å fange opp innspel i høyringsuttalene.
Strandsona
Dagrun Vikesland var til stades som representant for barn og unge, ho peikte på at det er viktig for barn og unge med gode uformelle møteplassar.
– Området vi snakkar om no har potensial til å bli ein slik, men det er viktig at friområdet er stort nok, meinte ho og la til at det er viktig at barn og vaksne i området skal ha tilgang til sjøen. Ho fortalde om episodar med badegjestar som blir jaga av campingfolk og ungar frå bygda får høyre at leikeplassen er for campinggjestane.
Sjølv om Kristin G. Sandnes (Sp) var samd med Vikesland i mykje, var ho samtidig redd for å tukle for mykje med saka.
– Eg er innstilt på å gå for innstillinga og oppmode om å kome til ei minneleg ordning med grunneigarane – så fort som mogleg. Vi må lande saka, meinte ho.
Lars Kristian Øvrebust peikte på spikartelt langt nede i fjøra og skulle gjerne hatt ei juridisk vurdering av midlertidig bebyggelse så langt ned i fjøra. For Øvrebust var det også viktig å gjere strandsona meir tilgjengeleg for ålmenta.
– Om vi går for noko slikt, er det naturlegvis slik at vi gir gode tidsfristar slik at ikkje gjestane må rive umiddelbart, sa han og fekk til svar frå Viktor Valdal at ein skal vere svært varsam med å gjere mykje.
– Eg vil sjekke lovlegheita, repliserte Øvrebust.
Må sjå på konsekvensane
Planleggar Martin Hove meinte at å flytte grensa slik ordføraren skisserer ikkje nødvendigvis vil utløyse ny høyringsrunde, men det vil kanskje ha konsekvensar som ikkje er godt nok belyste.
– Vi må kanskje sjå på den reelle konsekvensen og det er at det er openbert at det vil bety å fjerne nokre vognplassar, sa han. Hove minte også om at det eksisterer ein leigekontrakt som varer ut denne sesongen, og ein kan justere dette ved ny kontrakt. Han minte også om at friområdet kanskje treng at det blir gjort tiltak for at det skal vere tilfredsstillande, og at ein dermed vil pådra seg kostnader.
Ordføraren viste til at i hennar framlegg står det «retningsgivande illustrasjon på skisse».
– Då må slike moment som du nemner her trekkast med i ei vurdering. Opparbeiding av friområdet … Ja, det kan godt hende. Og reguleringsplanen skal gjelde i mange år og vere retningsgivande for korleis arealet skal disponerast.
– Eg er ganske redd for å byrje å rote opp i noko som har tatt så lang tid å lande, sa Kristin G. Sandnes og meinte at må det vere betre å justere leigeområdet gjennom leigeavtalen for campingen – og dermed sleppe å forandre på reguleringsplanen.
Kommunedirektøren sa i ein kommentar at det er på tide å bestemme kva området skal nyttast til og så ta spørsmålet om eigedomstilhøva.
– Og så er det greitt å seie at de ønskjer eit større friområde, berre ikkje seie kvar, meinte han.
– Om framlegget er intensjonsberande så ser eg at leikeplassen til dømes kan samanfallast med friområdet. Det meiner eg er eit signal vi kan gje over bordet utan at det er spesifikt i vedtaket. Med respekt for tidlegare prosess, det administrasjonen prøver å få til og folk i Tafjord, støttar eg ordføraren sitt framlegg, sa Lars Kristian Øvrebust.
Det gjorde resten av formannskapet også, hennar framlegg til tilråding til kommunestyret vart samrøystes vedteke av formannskapet.