Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, seier at det er behov for umiddelbare tiltak for å betre situasjonen på sambandet Eidsdal-Linge.
Mange meldingar om kø
Ho har gjennom sommaren fått fleire meldingar om kø, og særleg ille var det sist laurdag då ferjekøen i Eidsdal stod fleire hundre meter på fylkesvegen framover bygda.
I går, måndag, var ho i kontakt med samferdselsavdelinga i fylkeskommunen for å be om at det vert gjort umiddelbare tiltak for å forbetre situasjonen på sambandet Eidsdal-Linge resten av inneverande sesong.
– Fylkeskommunen seier dei er klar over situasjonen og at det har vore ekstremt stor trafikk på mange av sambanda, særleg gjeld det sist helg, fortel Hove.
Skjønar frustrasjonen
Ho seier ho har forståing for frustrasjonen og at det verkar provoserande for dei som står i kø at først C-ferja går til ro for natta og deretter at B-ferja legg seg til kai når køen er så lang som laurdagskvelden.
– At dette har med anbodssystemet å gjere, at fylkeskommunen har kjøpt eit visst antal turar for dag, er noko dei færraste har kunnskap om, seier ordføraren som meiner det må gå an å kunne disponere materiellet etter behov på kvelder som sist laurdag.
Diskusjonstema
Hove fortel at nokre av tiltaka som vart nemnde i løpet av dagens kontakt med samferdselsavdelinga var at
- C- ferja må stå i sambandet lenger enn planlagt, altså lenger enn til 2. august
- pendlarpassordninga må utvidast til å gjelde heile døgnet
- dei tre tilgjengelege ferjene bør disponerast slik at dei i størst mogleg grad kan ta unna køene. Det kan til dømes skje ved att der er fleire ferjer i sambandet lenger utover kvelden.
– Eg bad om at desse momenta vart vurdert og konkludert så raskt som overhode muleg. No forventar eg at fylkeskommunen og ferjeselskapet raskt kjem fram til tiltak som kan avbøte situasjonen på kort sikt. Så må vi samtidig arbeide for langt betre ordningar på litt lengre sikt, seier ordføraren og legg til at kommunen vil følgje opp dette overfor dei som sit med avgjerdsmynda i desse sakene.
Hove fortel at første høve til å diskutere situasjonen med samferdselsavdelinga er i eit møte i byrjinga av august, men at fylkeskomunen er nøydd til å kome opp med løysingar kjapt.
– Vi må få effekt av tiltaka no medan det enno ser sommar, avsluttar ho.
Kjem ordføraren i møte på enkelte punkt
Tysdag føremiddag melde Møre og Romsdal fylkeskommune at dei kjem ordføraren i møte på nokre av behova ho melde inn måndag.
• C-ferja som eigentleg berre skulle gå til 2. august, blir forlenga til 16. august.
• Pendlarpassordninga som til no har vore frå klokka 10 til klokka 17, blir utvida til å gjelde heile døgnet. Dette vil ifølgje fylkeskommunen kunne tre i kraft frå og med førstkomande onsdag – når informasjon om endringa er kome ut. Men: fylkeskommunen opnar ikkje opp for meir enn fire bilar med pendlarpass per tur.
• I tillegg vert det gjort endringar på rutetidene slik at det vert fleire avgangar på kveld for å tilpasse seg behovet. Også her er det eit men, for med fleire avgangar på kveldstid, blir det færre om morgonen. Dette vil vere gjeldande frå og med komande fredag. Fylkeskommunen seier at informasjon om detaljane i dette vil kome på nettsidene til Fram og Fjord1 så snart ei rekk å gjere informasjonen klar. Slik det ser ut, vil det bety at første morgonturen til B-ferja vert flytta til kveld og på søndagar blir dei to første turane til B-ferja flytta til kvelden slik at det blir fleire avgangar mellom klokka 19 og 21 søndagskvelden.
Storfjordnytt kjem attende til ruteendringane når dei ligg føre på nettsidene til Fram og Fjord1.