– Nikkasvingen er eit monument over anleggskokkene si viktige rolle i store bygg- og anleggsprosjekt i Møre og Romsdal, sa fylkesordførar Tove-Lise Torve då Nikoline Myren Grønning, betre kjend som Nikka, avduka skiltet som viser at svingen ved Stigfossen ber namnet hennar, som representant for alle anleggskokkane som arbeidde med bygginga av Trollstigen.
Familien til Nikka var også til stades saman med fleire representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som eig vegen.
Nikka er kjent for heile Norge gjennom mange reportasjar på NRK opp igjennom tidene. Med eit smittande humør har ho vore ei klok og god stemme frå tida som har vore og tida vi lever i no.
Ærar anleggskokkene
På byrjinga av 30-talet jobba Nikka fleire somrar som anleggskokke under bygginga av Trollstigen. I 2020 er ho truleg den siste som var med i bygginga av Trollstigen som framleis kan fortelje historiene vidare.
Fleire av svingane i Trollstigen har namn etter basane som var ansvarlege for bygginga, som til dømes Uri Martin-svingen og Langdalssvingen. Svingane vart bygde på byrjinga av 1930-talet med muskelkraft før anleggsmaskinene gjorde sitt inntog i vegbygginga.
– Då seier det seg sjølv at innsatsen til anleggskokkane var viktig for å få bygd Trollstigen. Når vi les historiebøkene har dessverre ikkje innsatsen som vart lagt ned fått plassen den fortener. Derfor er vi veldig glade for at denne svingen skal ha namnet ditt, til ære for deg og dei andre anleggskokkane som var så viktige for at denne spektakulære vegen vart bygd, sa fylkesordføraren.
Tidene har endra seg
Då Trollstigen vart bygd var anleggskokkane dei einaste kvinnfolka som jobba på anlegget. På dei 84 åra som har gått sidan kong Haakon opna vegen har verda forandra seg mykje, også i vegbygginga.
– I fylkesvegavdelinga er kvar tredje tilsett ei dame. På Nordøyvegen, eitt av dei største vegprosjekta i Noreg gjennom tidene, er prosjektleiaren og byggeleiarane på dei tre bruene damer. På vegprosjektseksjonen som eg leiar, er damene faktisk i fleirtal. I dag er dette normalen. Det er framleis slik at hovudvekta av dei som jobbar som vegarbeidarar er menn. Men det er ingen som reagerer på å møte damer som leiarar i vegprosjekt lenger, fortalde Gitte Beiermann, som leiar vegprosjektseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune under markeringa.
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen, leiar for vegprosjektseksjonen Gitte Beiermann, leiar for samferdselsutvalet Kristin Sørheim og fylkesordførar Tove-Lise Torve var alle med på å heidre Nikka og anleggskokkene i Trollstigen.