Ho har sykla gjennom Sahara-ørkenen, under Suez-kanalen og rodd over Norddalsfjorden. Ikkje alle har det på CV-en i tillegg til statsvitskap og mykje menneskekunnskap.
Storfjordnytt fekk vite om ein syklist som var på veg gjennom området vårt. Onsdag denne veka var ho i Geiranger og Norddal. Torsdag skulle Teresie Hommersand ta årene fatt og krysse Norddalsfjorden med sykkelen ombord.
Frå Cape Town til Nordkapp
Teresie Hommersand er heilt i toppen av kva eit einskild menneske kan gjere for å ville redusere sitt eige klimautslepp. Ho studerte statsvitskap i Sør-Afrika og etter endt studie hadde ho blitt glad i landet og heldt fram med å arbeide i «fylkeskommunen» i Cape Town. Etter seks år i der, i ein alder på 31 år, bestemte ho seg for å reise heim, det er tre år sidan.
Allereie i 2012 hadde Teresie teke ei avgjerd om at ho etter beste evne ikkje ville nytte fly for å forflytte seg. I 2017 starta sykkelturen frå Cape Town til Noreg. Ho kom til Noreg via Svinesund i august i år. Tre år hadde ho då brukt på den 25.000 kilometer lange vegen gjennom 24 land.
Storfjordnytt var blitt tipsa om at ho skulle gå i land ved det gamle fruktlageret på Linge i tre-firetida torsdag. Med lang linse speida vi etter båten og fekk etter kvart auge på den.
– Det tek ikkje så lang tid før vi er i land, kanskje ti minutt kunne Else Ragni Yttredal opplyse om då vi snakka med ho på telefon. Ho hadde lånt Teresie båt og årer, ro skulle ho gjere sjølv, Else Ragni Yttredal måtte love å ro attende til Norddal.
Ti minutt, ja særleg. Med veldig rolege åretak, det kunne sjå ut som om dei kom frå Eidsdal, nærma båten seg motvillig land.
Gode hjelparar
– Roturen gjekk veldig fort den, i alle fall mentalt, smiler Else Ragni og legg til at det vart litt kjøleg for den som måtte sitte på.
Teresie Hommersand overnatta hos familien til Else Ragni i Norddal og no tek dei to, som var ukjende for kvarandre for ein dag sidan, hjarteleg farvel med kvarandre. Så tømmer dei båten for sykkel og oppakning. Båteigaren ønskjer syklisten god tur, tek årene fatt og set kursen rett mot Norddal. Storfjordnytt trur ho kjem til å ro heile vegen, sjølv om det heng ein motor bak.
Teresie tek på seg klede og monterer sykkelveskene. Dette har ho gjort nokre gongar, det er lett å sjå.
– Det er for min eigen del eg gjer dette og så håper eg at eg kan inspirere og motivere andre til å tenkje på sitt eige klimautslepp, og prøve å redusere det så mykje som mogleg. Etter så lang tid borte frå Noreg, vil eg gjerne oppleve landet på nytt. Vitje stader eg ikkje har vore tidlegare, her til dømes. Geiranger og Trollstigen har eg berre høyrt om, no er eg her og håper eg kjem meg over Trollstigen i morgon. No syklar eg til Valldal og finn ein plass å slå opp teltet mitt, seier Teresie.
Litt av ei reise
– Det er det sterke klimaengesjementet mitt som får meg til å holde koken. Når eg kjem fram til Nordkapp, veit eg ikkje og vil ikkje vite det heller. Eg har opplevd så mykje på desse åra og møtt så mange gode, kjekke og hjelpsame menneske, som har gitt meg så mykje. Eg er så takksam for alle desse opplevingane, veldig takksam, seier ho.
– Eg har overnatta hos dei aller fattigaste, på eksklusivt hotell i Betlehem og på veldig mange politi- og bensinstasjonar. Det har vore utfordrande og eg har vore både utsliten og redd. Men så har eg òg halde foredrag for FN, på biblioteket i Alexandria (i Egypt), i fjerne landsbyar i Kenya og for skoleklasser i Sudan, Tyrkia og Tyskland. Målet er å utveksle kunnskap og erfaringar og håpet er å motivere og inspirere fleire til å ta klimaansvar, seier Teresie Hommersand som har gjort alt dette heilt åleine.