Fjord kommune melder på heimesidene sine at ein går attende til ordinær undervisning ved Stordal skule og kulturskulen frå og med måndag 30. november. Frå same dag blir det også ope for avtalte besøk på institusjonane.
Tilsette kan ta i bruk att sine ordinære arbeidsplassar/kontor frå og med i dag, torsdag 26. november og seinast måndag 30. november. Næraste leiar avgjer nærare tidspunkt for sine tilsette.
Alle fritidsaktivitetar, treningar og andre aktivitetar kan også starte opp att frå og med i dag, torsdag 26. november, men med sterk oppmoding om skjerpa oppfølging av smittevernreglane.
Kommunen oppmodar framleis om å avgrense eksterne reiser og møteaktivitet. Mest mogleg digitale møte er ønskelet. Formannskapet 26. november vert gjennomført digitalt.
Til slutt minner kommunen om dei generelle smittevernråda om å halde god avstand, vaske hendene ofte, unngå sosiale lag og vere heime om kjenner deg sjuk. Det vert også mint om reiseråda før jul. Med god smittevern-disiplin, vil vi raskare kome tilbake til ein smittefri situasjon igjen.