I går, torsdag 19. november, vart det påvist to nye smittetilfelle i Stordal. Smittekjelda er kjent, og nærkontakter er sett i karantene. For å vere føre var, er det bestemt at elevar i 5. – 10. klasse ved Stordal skule får heimeundervisning inntil vidare.
Fjord kommune melder på heimesidene sine at ein på bakgrunn av dei påviste smittetilfella dei siste dagane i Fjord kommune, vil det verte sett i verk ein del førebyggande tiltak for å redusere risiko for ytterlegare smittespreiing.
Heimeundervisning for elevar i 5-10. klasse ved Stordal skule vil halde fram ut komande veke, altså fram til 30. november. Elevane får tilbod om undervisning i Teams også i kulturskulen.
Born på småskulesteget og i barnehagen skal møte i skule og barnehage. Dette er gjort i samråd med smittevernlegen.
Det vert innført førebyggande tiltak på legekontora våre og på teststasjonen. Testkapasiteten i kommunen er god, men det er stort press på mikrobiologisk avdeling på sjukehuset. Dette gjer at personar med symptom må prioriterast først med omsyn til testing.
Det vert på nytt innført besøksrestriksjonar ved alle institusjonane i Fjord kommune.
For kommunen sine tilsette, skal ein så langt som råd unngå kryssing mellom bygdene og bygningane.
Alle organiserte fritidsaktivitetar og samankomstar i Stordal skal inntil vidare opphøyre. Det vil seie at Stordal frivilligsentral og Stordal ungdomsklubb blir stengt for all aktivitet inntil vidare. Dette gjeld også utstyrsbasen for aktivitet og friluft. I tillegg vert minijulemarknaden som var planlagt 25. og 26. november avlyst. Stordal Treningssenter er også stengt inntil vidare.
Ein bør elles vere varsam med aktivitetar som omfattar deltakarar frå fleire bygder, og spesielt der det er påvist smitte.
Formannskapsmøtet som skal haldast komande torsdag vert halde som digitalt møte.
Kommunen seier at den viktigaste oppgåva for oss alle no er det som vi har blitt innprenta:
• Hald god avstand, vask hendene ofte, unngå sosiale lag og ver heime om du kjenner deg sjuk.
• Med god smitteverndisiplin, vil vi raskare kome tilbake til ein smittefri situasjon igjen.