Ja, noko anna er det uråd å lese ut av saksdokumenta til kommunestyremøtet den 16. desember! Der innstiller fleirtalet i formannskapet (Ap, H) på å investere 25 millionar kroner i eit nytt helsehus i Stordal. Folk som forstår seg på det, meiner at kostnaden er sterkt underbudsjettert, og at prislappen truleg vil ligge nærare 40 millionar kroner.
Frå utsida verkar det heilt uforståeleg at vesle Fjord kommune skal ha behov for to store helsehus. At det må gjerast oppgraderingstiltak i tilknyting til eksisterande bygningsmasse for å huse legekontor, helsestasjon mm i Stordal, er det inga usemje om. Men at det skal vere nødvendig med eit heilt nytt bygg til fleire titals millionar kroner, er vanskeleg å forstå! Det blir endå vanskelegare å forstå når mange tenesteområde samtidig skrik etter ressursar for å tilfredsstille akutte og lovbestemte basisbehov. Forslaget bryt og med prinsippet om at «tenestene skal tilpassast dei økonomiske rammene i den nye kommunen» (sitat Intensjonsavtalen).
Eit forventa resultat av ei eventuell bygging av stort nytt helsehus i Stordal, er at det vil framskunde samanslåing/nedlegging av institusjonar som i dag ligg desentralisert og jamt fordelte i bygdene våre, dvs. skular, barnehagar og eldreinstitusjonar. Foreslåtte kutt i drifta frå Ap og H viser at prosjektet vil gi negative driftsmessige konsekvensar alt i budsjettet for 2022. Der er til dømes det viktige MOT-prosjektet kutta ut, støtte til kulturtiltak er sett på sparebluss og medlemskapet i USS (Utmarkskommunenes sammenslutning) er sagt opp.
Det som likevel gjer situasjonen særleg kritisk, er at bygging av eit nytt stort helsehus i Stordal lett kan bli oppfatta som om Fjord kommune vil gå bort frå avtalane som er inngåtte med dei tre unge legane som har flytta til kommunen. Avtalen, som er godkjent av ordførar Eva Hove, legg til grunn at legane skal ha rett til å få jobbe ved legekontoret i Valldal i 3-5 år. Dersom politikarane skaper tvil om denne forutsetninga fortsatt gjeld, kan vi risikere at det «unike legeprosjektet», som møysommeleg er bygd opp i Fjord, og som mange kommunar misunner oss, ramlar saman over natta. Det vil i så fall bety at vi rykker tilbake til ein situasjon vi alle kjenner så alt for godt, og som ingen vil oppleve på nytt.
Å konstruere det «unike legeprosjektet» som alle innbyggjarar i Fjord nyt godt av, har ikkje gjort seg sjølv. Her fortener framfor alt kommunedirektøren ros for godt arbeid. Han sat i førarsetet og hadde rolla som både arkitekt og smed då dette kom på plass. Suksessen er udiskutabel! Ikkje berre skaffa han oss unge og flinke legar, men la samtidig til rette for at dei skulle kunne etablere seg i Fjord kommune. Det har dei no gjort! Alle har kjøpt hus, har stifta familie og er godt integrerte i lokalmiljøet. Auken i humankapitalen som desse famliane representerer, er åleine ein bonus som betyr mange fleire kroner i kommunekassa.
Eit viktig suksesskriterie for legeprosjektet var, at tidlegare kommunelege i Norddal, Henrik Stenfeldt Foss, var villig til å ta på seg rolla som kommuneoverlege. Han er tilsett på deltid og fungerer som eit nav i prosjektet, samtidig som han er mentor for dei unge legane. Henrik S. Foss har lang erfaring og god lokalkunnskap. Det gir tryggleik for legane samtidig som innbyggjarane er sikra gode tenester.
Det er mi innstendige bønn at kommunestyret legg vekk dei ambisiøse planane om nytt stort helsehus i Stordal, og i staden prioriterer reelle og vel dokumenterte velferdsbehov for innbyggjarane i Fjord kommune. Å bygge nytt stort helsehus i Stordal er å leike med elden! Konsekvensane kan bli uoverskuelege! Her må realpolitikk gå foran symbolpolitikk!