Eg har registrert at Fjord kommune har sendt inn ein søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune om flytting av vegkryss etter bestilling. Då heiser eg og resten av grendafolket NESTEN flagget!
Ein kamp om nettopp denne brauta og vegen har pågått frå då min farfar var arbeidsfør, og kampen fortset. År etter år har utallige synfaringar og midlar i kommunebudsjettet støva ned og gått i gløymeboka. Eit av dei få tiltaka som har vore iverksett på Hjellevegen sidan min farfar levde, er å tilføre grus etter oppfordring frå grendafolket, men til kva nytte? Det kjem ein lastebil med grus som blir tippa, deretter blir grusen forsøkt fordelt på vegen, med dårlig hell. Grusen endar opp som ein fjellrygg på kvar side av vegen og ut på markane. Denne måten å gjere det på gjer naturlegvis at grøftekantane blir høgare enn vegen og holer i vegen er eit faktum ved første regnbyge. Eg skuldar ikkje på dei tilsette for dette, dei gjer det beste ut av det med den reiskapen dei har tilgjengeleg.
Det vart bytta ei stikkrenne sommaren i 2020 og deler av vegen blei bygd opp att etter at det rasa ut lausmassar etter ein kraftig regnperiode. No ventar vi berre på neste uvêr og kanskje fleire punkt på vegen blir vaska vekk.
Det har vore laga tilstandsrapport på vegen etter nesten kvar synfaring. Desse nemner punkt som: dårlig/feil helling på veg, tette stikkrenner, dårlig veiskulder og dårleg dekke osv. Kva med tiltak på desse punkta?
Kvar har det eigentleg blitt av Hjellevegen? Ein dag var vegskiltet «Hjellevegen» vekk og hadde blitt erstatta med «Eidsdalsvegen» Dette har vi ikkje fått noko svar på frå teknisk etat per dags dato.
No er vi ein ny kommune, Fjord kommune. Eg har avventa litt for å sjå om denne nye «stor»-kommunen tok fram igjen saka om den berykta Hjellevegen. Eg har no kome fram til at det er på tide å gjere dykk merksame på saka, nok ein gong. I budsjettet er det lite midlar som er merka til Hjellevegen! Knapt nok til å dekke kostnadane til den nye brauta. Ville det ikkje vore meir fornuftig og framtidsretta å oppgradere HEILE Hjellevegen kontra berre brauta når de først er igang? Teknisk etat i gamle Norddal kommune var klar på at det vart billegare per meter om heile vegen vart oppgradert.
Eg har lest at det skal byggjast ut fiber til alle i Fjord kommune. Ville det ikkje vore fornuftig å gjere dette når de likevel skal oppgradere Hjellevegen?
Eg er ung, har flytta tilbake til bygda, stifta familie, tatt over gard og camping etter foreldra mine. Dette har eg gjort fordi dette er plassen min, dette er heimen min der eg vil at familien min skal leve og bu.
Ifølge veglista 2020 er Hjellevegen klassifisert som bruksklasse Bk6/28. I våre dagar er dette heilt uakseptabelt for ein kommunal veg som jamleg må nyttast av tunge kjøretøy. Veglista skal være fakta, og den opplyser at Hjellevegen er 0,121 km lang, noko som må være feil. Hjellevegen som Fjord kommune driftar og vedlikeheld (i begrensa grad), og som dermed må forståast som kommunal veg, er heller 1,2 km lang. Veglista viser og at det kun er to andre små vegstubbar i heile kommunen som har likens bruksklassifisering, altså Bk6/28. Til informasjon er dette Lunheimvegen og Nerhusvegen.
I samband med gardsdrifta har eg mange tunge kjøretøy innom og det blir stadig fleire av desse aktørane som begynner å bli redde for å køyre opp her på grunn av tung last og dårleg veg. Nokre har måtta blitt overtalt til å kjøre heim til meg for at eg skal få varer og tjenester levert. Det har gått bra til no, men det er umogleg å seie når dagen for at dei nektar å køyre opp her kjem.
Når det på grunn av dårleg veg kan ende med at vi ikkje får tilkjørt kraftfôr til sauene, kunstgjødsel til enga, strø til sauene, diesel til traktor, levere dyr til slakt, ikkje får levere avfall til renovasjon og ikkje turistar innom campingen, då seier det seg sjølv at dette er sjølvslutta.
Når vi ser på campingdrifta er eg heilt avhengig av at turistar tek turen hit og ynskjer å overnatte her. Dette er ei stor og viktig inntekt for familien heile sommarhalvåret, det er med på å gjere at drifta går rundt. Vi har dessverre blitt gjort merksame på at fleire turistar snur før dei kjem til oss på grunn av tilstanden på vegen. Året 2020 var tøft nok i seg sjølv pga covid-19. Og 2021 ser ikkje så veldig lovande ut enno.
Grendafolket er lei av sandblåste bilar, skitne vindauge og opplevelsen av å sitte i ei støvsky heile sommaren. Vi har blitt gode på å køyre slalom mellom holene, men no er vi lei!
Etter mange lesarinnlegg i Storfjordnytt det siste året er ikkje det noko nytt at vegane i Fjord kommune er til forfall fleire stadar. Hjellegrenda meiner at ein årelang kamp med Norddal kommune bør avsluttast av Fjord kommune ved å oppgradere heile Hjellevegen i si heilheit!
Innbyggjarane i Hjellegrenda inviterer herved heile kommunestyret i Fjord kommune på synfaring av Hjellevegen, helst når det er telehiv og helst ikkje dagen etter at det er lagt ny grus eller sand på vegen! Det er den einaste måten de kan få eit reelt inntrykk av korleis tilstanden på vegen faktisk er.
Med dette ynskjer eg å oppfordre til at nokon tek tak i saka, slik at den på nytt kjem opp i kommunestyret.