– Det går framover med vaksineringa i Fjord kommune, det fortel lege Marianne Skuseth.
Skuseth ber også innbyggjarane om å oppdatere kontaktinformasjonen sin hos kommunen. Ho fortel at legekontoret har noko problem med respons på vaksineprogrammet. – Det er også viktig at alle som får tilbod om vaksine som ikkje vil ha vaksinen, aktivt takkar nei ved å logge seg inn på c19.no. På den måten veit vi med sikkerheit at vi kan tilby vaksinen til nokon andre, seier Skuseth.
Så er der dei som veit dei er i risikogruppa som framleis går og ventar på innkalling til vaksinasjon. Dette gjeld særleg dei som har fastlege ein annan stad enn i Fjord kommune.
– Er det slik at dei må kontakte fastlegen sin og be fastlegen kontakte Fjord kommune for å melde frå om at dei er i risikogruppa?
– Ja, det stemmer. Det er slik at vi har ansvar for å vaksinere alle innbyggjarane i kommunen og dei ned til 65 år får tilbod om vaksine på grunn av alder. Men dei andre, som er i ei risikogruppe og som har fastlege ein annan stad, må altså kontakte fastlegen sin og be fastlegen gi oss beskjed slik at vi fangar opp også desse. Du skjønar, systemet er litt knotete på akkurat dette området, seier legen.
På same måte ber ho dei som mistenker at dei lir av overvekt eller fedme om å ta kontakt med legekontoret.
– Det er mange som har høg terskel for å erkjenne at dei har det slik, men dei i denne gruppa må gjerne gi seg til kjenne slik at også dei får tilbod om vaksine, for dei er også i risikogruppa, seier Skuseth.
Så kjem det eit lite hjartesukk frå legen. Ho fortel at dei opplever manglande respons på meldingane som vert sende ut om at det er tid for folk å bestille time for vaksinering.
– Det er så utruleg viktig at alle som får denne meldinga loggar seg inn på c19.no, også dei som ikkje ønskjer vaksine. Vi ønskjer oss at dei som ikkje ønskjer vaksina seier frå om det på c19.no, då kan vi gi vaksinen til andre, seier ho og fortel at når dei ikkje får respons på meldingane som vert sende ut, så krev det ein god del meir arbeid frå kommunen si side.
– Vi må då finne ut om vi har feil kontaktinformasjon til personen som ikkje har latt høyre frå seg, vi må finne ut om manglande respons betyr at personen ikkje ønskjer vaksine – eller om det er andre grunnar til at personen ikkje har svart, seier ho.
– Når vi har fått ei avklaring på dei som ikkje har svart på førespurnaden om vaksine, kan vi gi dosane til andre, seier ho.
På spørsmål om korleis det går med vaksineringa i Fjord kommune, seier ho at når det gjeld Pfizer-vaksinen, så går det seint.
– Men det gjer det over heile landet. Når det gjeld Astra Zeneca-vaksinen, har vi fått god utlevering og ligg godt an. Denne veka får vi vaksinert alt helsepersonell som ønskjer vaksine i tillegg til anna kritisk personell i kommunen, fortel ho.
Så har ho også opplevd å få spørsmål som dette: «Kvifor får den unge og ’friske’ naboen min tilbod om vaksine og ikkje eg?» Til det vil ho seie at Astra Zeneka-vaksinen førebels ikkje er godkjent til bruk for dei eldste og dei i risikogruppene, dei må ha Pfizer eller Moderna – derfor kan enkelte oppleve å bli «forbigått» i vaksinekøen.
Avsluttingsvis ønskjer Skuseth å minne om at du må ta kontakt med legekontoret for vaksinering dersom
• du har ein BMI på 35 eller meir, altså om du har fedme,
• du er usikker på om du ønskjer vaksine og vil diskutere helsa di med ein lege,
• du har hatt ein allergisk reaksjon på tidlegare vaksinar,
• du har hatt ein alvorleg biverknad av tidlegare vaksinar,
• du er gravid, eller
• du ammar.