Det melder Fjord kommune på heimesidene sine i kveld, torsdag 25. februar.
Ålesund kommune fekk torsdag ettermiddag melding frå FHI (Folkehelseinstituttet) om at ein person som har vore i Ålesund og omegn tidlegare i veka har testa positivt for ein mutert variant av koronaviruset. Vedkomande med familie var tilreisande frå Viken, og er no attende på heimstaden sin. Ein nærkontakt i familien har no utvikla symptom og vart testa i dag. Testresultatet er ikkje klart, men det skal vere sterk mistanke om at vedkomande er smitta av koronaviruset. Denne personen er i nær slekt med den smitta – og er også heimehøyrande i Viken.
I perioden før vedkomande fekk symptom, var vedkomande i kontakt med fleire personar og har mellom anna vore på ski på Arena Overøye Stordal Alpinsenter måndag 22. februar mellom klokka 12 og klokka 15 og tysdag 23. februar mellom klokka 12 og 13.
Fjord kommune rår alle som har vore i varmestova og i skiutleigen i dei aktuelle tidsromma om å kontakte legekontoret for ein koronatest snarast råd. Dei som har vore på desse plassane i dei aktuelle tidsromma bør også halde avstand til andre fram til negativt svar ligg føre. Ved negativ test må ein vere merksam på utvikling av eventuelle symptom – skulle ein få slike, må ein ta kontakt for ny test.
Elles blir alle som har vore i skitrekket i dei aktuelle tidsromma oppmoda om å ha låg terskel for å teste seg dersom symptom skulle utvikle seg.
Legekontoret har oppbemanna slik at testkapasiteten i morgon, fredag 26. februar, skal vere god. Ta kontakt mellom klokka 8.30 og klokka 11 på telefon 418 67 950.
Fjord kommune har også rådført seg med både FHI og Statsforvaltaren i denne saka.