Når ein får mange nok dosar, blir det lagt opp til massevaksinering både i Valldal og i Stordal.
Under orienteringane til formannskapet sist torsdag, kunne kommunedirektør Karl André Birkhol fortelje at ein har gjort ei ny vurdering av kvar massevaksinasjon skal føregå – etter at det på førre kommunestyremøte vart stilt spørsmål ved kvifor det berre var lagt opp til slik massevaksinasjon i Valldal og ikkje i Stordal.
Må ha nok dosar
I utgangspunktet har administrasjonen konkludert med at det ikkje er medisinfaglege grunnar til ikkje å ha to lokalitetar, men kommunedirektøren gjorde merksam på at det vil krevje ein del ekstra tilrettelegging som vil føre til endå meir press på bemanninga, noko som vert vurdert som dårleg ressursbruk i ein liten kommune med knapp bemanning. Til no har vaksinene blitt sett på sjukeheimane og legekontora og Martin Linge-huset i Valldal blir brukt som vaksinasjonsstad. Når kommunen etter kvart får mange nok dosar, vil det bli lagt til rette for vaksinering også i Stordalshallen.
– Administrasjonen ønskjer sjølvsagt å imøtekome politikarane sitt ønske, men vil også gjere det klart at dette kan få konsekvensar for den ordinære drifta. Mellom anna kan det bety redusert tilgang til legetimar i denne perioden, sa han.
Med det talet på dosar kommunen får for tida, er det så lite at å dele på to lokalitetar vert sett på som lite tenleg. Kommunedirektøren føreslår derfor bruk av to vaksinasjonsstader når ein får så mange som 12-15 hetteglas i staden for 6 slik det er no.
Informasjon er sendt ut
– Det er ikkje berre dei aller eldste som ikkje er så digitale, men også ein god del av dei yngre eldre også. Korleis vil dei bli kontakta?
– Det har gått ut brev til alle i alderen 75-84 år med informasjon om korleis time skal bestillast, fortel kommunedirektør Karl André Birkhol som legg til at ein håper dei fleste vil nytte den digitale måten å bestille time på. Men det går også an å ta kontakt med kommunen på telefon.
– Alt dette står i informasjonsskrivet som no er sendt ut, fortel han.
– Kva med dei som ikkje får med seg informasjonen eller ikkje greier å bestille time på eiga hand då?
– Der har vi ein av fordelane med å vere ein liten og relativt oversiktleg kommune. Vi skal greie å fange opp dei vi ikkje får respons frå og ta kontakt med dei, seier Birkhol.
Slik gjer du det
Ifølgje informasjonsskrivet som no er på veg ut til postkassene til dei i målgruppa, står det detaljert korleis timebestilling og vaksinering vil føregå.
Først får du ei tekstmelding (SMS) på mobiltelefonen når det nærmar seg din tur for vaksinering – og deretter må du sjølv bestille time for vaksine. Det gjer du på nettstaden c19.no. I motsetnad til kva som stod i Storfjordnytt førre veke, vil Fjord kommune nytte c19.no til berre å timebestilling for vaksinasjon, ikkje til å bestille koronatest.
Du må ha fått tekstmelding før du kan logge deg på c19.no med BankID. Om du synest dette er vanskeleg, kan du få ein pårørande til å hjelpe deg med dette. Treng du hjelp, ringer du nummeret som er oppgitt i informasjonsskrivet. I skrivet står det også korleis du gjer det inne på c19.no.
Du trykker «Bestill time til koronavaksinasjon». Deretter loggar du deg inn med ID-porten som er vanleg bank-id eller bank-id på mobil. Neste steg er å velje fylke, altså «Møre og Romsdal» og så velje «Fjord kommune». Så må du fylle inn ein mobiltelefon du kan nåast på. Har du ikkje mobil, men fasttelefon, skriv du inn dette nummeret. Har du ingen av delane, skriv du «Har ikke». Så veljer du «Send inn timebestilling» – og du har betilt time, fått tildelt tidspunkt, inngang, bås og sete for vaksinasjon. Denne informasjonen er det viktig at du skriv ned – og kommunen ber deg om å lese kvitteringsteksten godt. Hugs at du får to datoar; ein for første vaksinedose og så ein for den andre vaksinedosen.
Om du ikkje ønskjer vaksine, bruker du c19.no til å takke nei til vaksine.