Torsdag kom kvelden mange, både festspelstyret og publikum, har venta på: vorspielet som markerte starten på ei septemberhelg i musikkens teikn med den aller første utgåva av Festspela i Geiranger.
Og for eit vorspiel det vart på Havila Hotel Geiranger! Det starta med klassisk musikk, gjekk over i viser – før det glei over i meir jazzprega musikk inntil det heile vart avslutta med ein vakker salme. Og inne i det meste av dette, fekk vi høyre det overjordisk vakre trompetspelet til Ole Jørn Myklebust og Lars Martin Vik sin eminente traktering av kontrabassen.
Som alltid når desse musikarane set kvarandre i stemne, er det uhøgtideleg stemning ispedd ein solid dose lun humor – akkurat slik det skal vere på eit vorspiel.
Etter at styreleiar av Festspela i Geiranger, Gunnar Inge Eide, hadde ønskt velkomen, var det Carolin Eide på flygel og Evgenii Zhukov på fløyte som starta det musikalske vorspielet. Det gjorde dei med Andante av Wolfgang Amadeus Mozart. Begge dei to er eminente musikarar, og dei såg ut til å trivest med å spele i lag. Neste stykke ut for desse to, var ifølgje Zhukov ein av dei mest kjende fløytesonatane som er laga; Hamburger Sonata av Carl Philipp Emanuel Bach – son til Johann Sebastian Bach.
Neste ut, var E du nord? av Kari Bremnes. No hadde Gunnar Inge Eide tatt plass ved flygelet, Lars Martin Vik på kontrabass, Ole Jørn Myklebust på trompet – og ikkje minst, Oddbjørg Solhaug på vokal. Vakkert – og nesten endå vakrare var desse fire sin versjon av Both Sides Now, ifølgje Ole Jørn Myklebust ein av dei tre-fire finaste låtene som nokon sinne er laga.
Ein av Ole Jørn Myklebust sine eigne låtar fekk vi også høyre, Theme For Namgar frå albumet Jorba før dei gjekk over til Concierto de Aranjuez av Joaquin Rodrigo Vidre. Denne er eigentleg skriven for gitar og orkester, men det gjekk aldeles utmerkt med trompet i staden for gitar med kontrabass og flygel som orkester.
Duke Ellington og Almighty God var dei innom, også filmmusikk hadde dei med denne kvelden – frå filmen Anchors Aweigh hadde dei plukka låta I Fall in Love Too Easily. Dette var ein av fleire låtar der Ole Jørn Myklebust fekk vist at han ikkje berre kan spele trompet, men synge også. Nat King Cole var også mellom artistane dei var innom – før Myklebust spurde om publikum orka endå eit par låtar. Eit rungande «ja» frå salen var svaret på det.
– Det er veldig hyggeleg å endeleg vere i gang med festival, og det er mykje fint på programmet dei komande dagane, kunne Myklebust fortelje medan styreleiar Gunnar Inge Eide sneik seg til litt kake.
– Det er ulempen med trompet, ein kan ikkje ete kake under konsert. Det har eg ikkje tenkt over før no, humra Myklebust før dei sett i gang med Blame It On My Youth av Nat King Cole.
Så kom turen til den aller siste songen for kvelden – og kva er vel betre enn å bli ønskt vel heim med den vakre salmen Lær meg å kjenne dine veie.
Tonen vart med det sett for helgas festspel – det er berre å glede seg til resten av helga i Geiranger. Og om nokon framleis ikkje har skaffa seg billett, er det ifølgje Gunnar Inge Eide framleis ledig plass på ein del av konsertane.