Far min, Lars Nerhagen, fekk etter kvart ei unik interesse for fruktdyrking. Foreldra hans flytte frå Øvsthaugen og ned til eit lite område av garden 32/3 ved sjøen i Fjørå.
«Her vaks draumen opp om å skape ein liten «Edens hage» på ti dekar. Med tid og lange stunder vart plassen dyrka opp og han gav den namnet Nerhagen».
Far var tre gongar i Amerika, over fleire år, og det han tente der investerte han i det vesle småbruket i Fjørå. Han leigde Tege-Bendik frå Valldal til å hjelpe han å dyrke, dei laga tre lange og solide holveiter av naturstein, og bygde kjempestore murar. Stormuren, 40 meter lang og fire meter høg på det høgste, med eit storspett som reiskap.
Ulike plommesortar
Far kom tidleg i kontakt med ein anerkjend planteskule i Korsør i Danmark, og derifrå kjøpte han frukttrea. Han var særleg interessert i plommer. På det meste hadde vi 12 sortar plommetre, som hadde modningstid frå tidleg i august til ut i oktober, sviske-plommene hausta vi ofte i snøkave.
– Ein japansk sort, The First, kunne vi i gode år hauste første veka i august. Ei fin gul plomme med raud side mot sola, og den som aller først vart moden. Av den grunn vart den svært populær, det var lite import av frukt då. Det var denne sorten far sende meg på torget som elleveåring med i 1938.
Fruktruta
Fruktprodusentane hadde ikkje salsorganisasjon den gongen, måtte syte for sal kvar for seg, og det var mange som reiste til byen for å selje varene sine. I 1938 (kanskje før) sette Møre og Romsdal Fylkesbåtar opp ei såkalla «fruktrute» frå fjorden og til byen. Eg har ikkje funne skriftlege kjelder om denne ruta. Den kom innover fredagskveld, direkte til Ytterdal, så til Dalsbygda, Fjørå og Linge (gamlekaia i Lingebugen). Det var den gamle ombygde seglskøyta «Framstig» som gjekk denne ruta. Til dagleg kalla vi den «Kaulå», opphavet til dette namnet har eg ikkje funne.
Det låg ikkje for far å reise til byen for å selje varene sine. Derfor var det sonen på vel elleve år som fekk den jobben. I ettertid har eg ofte forundra meg over at far våga dette. Ein strik-onge saman med trauste karar mellom 60 og 70 år, ha ansvar for skjøre varer og for verdfulle kroner, som det ikkje var flust av i 30-åra. Desse ekstra kronene var eit godt tilskot til økonomien for den store Nerhagen-familien. Det var litt av eit ansvar å leggje på elleveåringen sine skuldrer, men ei enorm tillitserklæring å få av far sin.
Blekkboks og litermål
Plommene var pakka i trekasser på ti kilo og guten, truleg med 90 til 100 kilo plommer, var på kaia då «MS Framstig» kom til Fjørå om lag klokka elleve fredagskvelden.
På Linge kom kjente karar som Karl og Sakarias med sine kasser og kursen vart sett direkte til Ålesund. «Framstig» hadde ein relativ stor salong nede, der vi måtte opphalde oss, halvt liggande eller sitjande. Eg var heldig som kjente skipperen på båten, det var Tore Ytterlid frå Fjørå. Dotter til Tore, Solveig, var jamgamal med meg. Han bad meg opp i styrehuset og eg trur at halve tida oppheld eg meg der. Det vart lite søvn den natta, men fram kom vi og la til ved kai like ved Torghallen tidleg laurdag morgon.
Så var det å finne ei tralle for å køyre inn kassene med plommene, få leigd bord inne i hallen og vere klar for å ta imot kundane. Eg var nok både spent og nervøs i møte med så mykje folk. Til hjelp hadde eg ein blekkboks til å ha pengane i og far hadde bestemt at vi skulle bruke litermål. Rett nok hadde han kjøpt inn ei desimalvekt, men han meinte det vart greiare med litermålet, målet har eg i museet mitt enno.
Så var det prisen
Vi hadde snakka litt om det heime og kom til at vi ville prøve med tre kroner for ein liter, og ingen kjøpar protesterte på det. Det var svært god pris i 1938, ein kilopris på om lag fire kroner.
Når alle som kom med «Framstig» hadde fått varene sine inn og sikra seg bord, var det berre å vente på kundane. Og etter kvart kom dei. Eg trur at Torghallen var reine «kjøpesenteret» for byfruene i dei dagar. Den tida var det ein kolonialbutikk på kvart eit gatehjørne. I Torghallen var det samla eit stort utval av heilt ferske jordbruksvarer og hyggelege seljarar som kunne slå av ein prat. Dei hadde kanskje felles kjente som gjorde at det vart ein kjærkomen møteplass mellom by og land.
For meg var det i grunn ei forunderleg oppleving. Det viste seg nemleg at Nerhagen- plommene og bordet mitt vart svært populært. Eg fekk fullt opp å gjere med litermålet mitt, og sjølvsagt hadde eg fine «kilospapirposa» med som emballasje. På utruleg kort tid var alle plommene selde, og eg var arbeidslaus – i byen.
Ei myndig dame
Mot slutten fekk eg besøk av ei høgreist myndig dame. Ho kjøpte plommer, men ho ville kjøpe ei heil kasse, men det hadde eg ikkje att. Ho fortalde at ho hadde fruktbutikk i krysset mot gamle sjukehuset på Borgundvegen, og selde masse frukt av alle slag. No var ho svært interessert i å få kjøpe slike fine plommer frå Nerhagen. Eg var nok ingen sterk representant som seljar, og sa at ho måtte ta opp dette med far. Det enda med at fru Hulda like etter kom inn til Fjørå og fekk til ein avtale med far om å kjøpe alt han produserte for å selje frå fruktbutikken «CUBA» i Borgenvegen. Forretningsforbindelsen varte heit til produsentane sin eigen salsorganisasjon, Gartnerhallen, vart skipa etter krigen. Kontakten med Hulda vart nok ikkje avslutta av den grunn og ho fekk nok ein god del frukt etter den tid også.
Høgføtt
Eg synest å hugse at når det lei mot ettermiddag, om lag klokka tre, fire, var det oppbrot. Vi måtte gjere opp for bordleiga og rydde etter oss. «Framstig» låg framleis ved kaia og venta på oss og så tok heimturen til. Eg var heime seint laurdagskvelden, trøytt og sliten etter ein minnerik torgdag i storbyen Ålesund.
– Eg var nok ganske høgføtt når eg fekk overrekke far ein god slump pengar, full blekkboks med kronestykke. Kva eg fekk for jobben, hugsar eg ikkje.
For elleveåringen vart dette både første og siste turen med plommesal på Torghallen i Ålesund!