Eg er ingen spesielt lettrørt person, men då eg heilt tilfeldig var innom rådhuset førre veke og dumpa rett oppi dei som stelte til matkasser til dei som treng litt ekstra hjelp no til jul, stod tårene i auga. For kommunestyresalen var full av mat – mykje av det gåver, resten kjøpt inn med pengar folk har gitt. Til og med julegåve såg det ut til å bli til borna i familiane som skulle få hjelp. Eg er heilt sett ut av givargleda hos folk i bygdene våre, ja, ikkje berre i eigen kommune, men også i nabokommunen! Det er kanskje sant det som vert sagt, at jula gjer noko med oss.
For det å slite økonomisk det er ikkje lett og ein vil ikkje at andre skal få vite, ein kjenner seg liten og ein skjemst over at det er slik. Eg veit så inderleg vel, for eg har inntil for ikkje så veldig lenge sidan vore der sjølv.
Hillevi Hovden trur behovet er større enn det denne «aksjonen» har vist. Det trur eg ho har rett i. For ein kan ikkje sjå på folk at dei slit. Dermed kan det vere naboen din, arbeidskollegaen din – kven som helst.
For eigen del var det ulike grunnar til at eg enda opp som eg gjorde, med mange feil val, ofte val mellom «pest og kolera» – der det vart feil uansett kva eg gjorde. Eller ikkje gjorde. Så balla det på seg. Og har ein først kome bakpå når økonomien i utgangspunktet er stram, så kan vegen til alvorlege problem vere kort. Så også med meg. Straumen vart borte – og å bu i eit eldre trekkfullt hus i et heilt år utan straum er så definitivt ei utfordring, særleg når gradestokken i lange periodar den vinteren låg godt under 10 minusgrader. Somme dagar når eg kom heim frå jobb var det nede i 3 «varme» grader inne. Godt eg hadde ved! Men å etter kvart få hjelp, først frå Nav og deretter få namsmannen på laget mitt slik at ei gjeldsordning kom på plass, var det som skulle til for å skimte eit lys i tunnelen. Til våren er det tre år sidan fem år med gjeldsordning var over. Tøft, men ikkje i nærleiken av korleis det var dei siste åra før ordninga kom i stand. Eg trur svært få var klar over korleis det eigentleg stod til. Og kvifor skulle dei det, eg var på jobb kvar dag – det ein strevar med «på privaten» er liksom ikkje det ein snakkar om i utrengsmål. I alle fall ikkje når det handlar om økonomi. For min del kom bustadlånet aller først, deretter kostnadene knytt til å kome seg til og frå jobb. Faktisk var det slik at då gjeldsordninga skulle på plass og det var tid for eit møte med banken, måtte kundebehandlaren min medgi at banken ikkje ante at eg sleit slik…
Eg kjenner at dette er vanskeleg å skrive om. Skal eg verkeleg fortelje dette…? Eg skammar meg rett og slett over at eg, som i utgangspunktet er eit ressurssterkt og relativt oppegåande menneske, skulle hamne der. Men livet tek altså uføreseielege krokvegar – for mange kanskje særleg i desse koronatider der uvissa er stor for mange når det gjeld jobb. At straumprisane har løpt løpsk dei siste vekene hjelper heller ikkje på for dei som allereie strevar.
Poenget mitt med å fortelje er at det å streve med livet sitt, enten det no er økonomisk eller på anna vis, det er det mange som gjer, og kanskje dei du minst skulle tru. Omverda veit det som oftast ikkje. Og om dei veit, så veit dei sjeldan kor ille det faktisk er. Derfor er det så fint at det finst menneske som Hillevi og dei andre som drog i gang «matkasseaksjonen». Og så er det så fint å sjå at det er så mange der ute som ønskjer å hjelpe. Og til dykk der ute som har det vanskeleg har eg eitt råd: fortel om korleis du har det og be om hjelp, sjølv om det sit langt inne! For det er som regel hjelp å få.
I det heile tatt, eg er storleg imponert over korleis mange i bygdene våre slår ring om og tek vare på dei som treng litt ekstra merksemd – uansett kva grunnen måtte vere. Vi tek vare på kvarandre og er det noko pandemien har lært oss, så er det at nettopp det er viktig. Vi lært oss verdien av å handle lokalt og bidra til at dei næringsdrivande rundt oss framleis kan bestå. Det siste merkar vi i Storfjordnytt også, vi veit at mange, både privatpersonar og verksemder, etter snart to år med pandemi har stram økonomi, men likevel vel svært mange å bidra til at lokalavisa skal bestå. Ved å kjøpe avisa, ved å annonsere – eller ved å bruke oss til anna som vi kan hjelpe til med. De skal vite at vi i redaksjonen set utruleg stor pris på at vi har så mange gode vener i lokalsamfunnet. Utan dykk hadde vi ikkje vore til! Eg takkar med det alle våre trufaste lesarar og annonsørar for laget i det året vi snart har lagt bak oss og håper vi kan halde fram med det gode samarbeidet også i året som kjem.
Og sidan vi no er i romjula, så heiter det «gledeleg jul». Dermed: gledeleg jul og eit riktig godt nytt år frå oss i redaksjonen til alle dykk der ute. Så sjåast vi att på nyåret – og neste avis kjem torsdag 6. januar.