Fylkesadministrasjonen innstilte på at ny ferjekai i Eidsdal skal byggjast vest for dagens ferjekai, altså det framlegget dei kallar E5 i saksutgreiinga. Framlegget har avstadkome kraftige reaksjonar frå bygdefolket, frå verdsarvstiftinga og frå kommunepolitikarane. Naturleg nok. No har samferdselsutvalet samrøystes gått inn for at i denne saka skal ein ikkje forhaste seg. Dei vil til og med på synfaring til Eidsdal før dei landar på noko som helst. Det er bra!
Men så er det no slik i denne saka som i dei fleste andre tilsvarande saker at nesten uansett kva løysing ein til slutt landar på, så er det nokon det går ut over, med mindre dei bestemmer seg for å byggje kai på Storurneset. Enten går mesteparten av grøntarealet i nærleiken av sentrum fløyten, eller så vert bygningar i sentrum rivne og folk må finne seg ein ny stad å bu. Det einaste som er heilt sikkert, er at det er ingen gode løysingar for ny ferjekai og etter kvart større oppstillingsområde for bilar i ferjekø i Eidsdal sentrum. Ingen.
Ferje er heller inga framtidsretta løysing – og det er underleg at fylkeskommunen tviheld på at det er fornuftig å gå baklengs inn i framtida på eit samband som i sommarmånadene er av dei mest trafikkerte i fylket. Og samtidig det sambandet som har desidert størst prosentdel attståande bilar. Når verda går attende til det normale – og det får vi inderleg tru at ho etter kvart gjer, seier alle prognosar at trafikken på dette sambandet berre vil auke i åra som kjem. Og auken skal ifølgje prognosane vere stor. Likevel skal ein altså halde på med ferjedrift.
Det står å lese i saksutgreiinga at nye ferjekaier på Linge og i Eidsdal til saman har ein estimert kostnad på 195 millionar kroner. Men kjenner ein offentlege byggjeprosjekt rett – i alle fall fylkeskommunale og statlege prosjekt, så har ein nok ikkje akkurat tatt i når ein har kome fram til den summen. Eg trur vi trygt i alle fall kan doble den summen – og kanskje blir prosjektet opptil tre gongar så dyrt som antatt, i god offentleg ånd. La meg vere grei og gonge med 2,5, då blir sluttkostnaden på 487,5 millionar kroner. Og det berre for dei to ferjekaiene. Nokon vil kanskje seie eg er frekk no, men eg trur at 195 millionar kroner vil vise seg å vere for lite. I tillegg vil fylkeskommunen også måtte gjere noko på land på begge sider. Det blir ein gong i framtida, for i økonomiplanen er det ikkje sett av ei einaste krone til tiltak på land verken på Linge eller i Eidsdal. Naturleg nok kanskje, ettersom bestillinga ganske enkelt er: nye ferjekaier som kan ta 80 pbe-ferjer.
Fylkeskommunen har i tillegg inngått avtale med operatør Fjord1 om at dei nye kaiene skal vere klare til å setjast trafikk på frå og med 1. januar 2024. Det har fylkeskommunen sjølv sagt blir knapt med tid, så knapt at dei truleg ikkje greier tidsfristen. Eit slikt avtalebrot kjem truleg til å koste det også. Så når det først er så gale, kvifor ikkje gjere det skikkeleg og skrinleggje alle planar om nye ferjekaier og heller starte arbeidet med ei framtidsretta løysing for kryssing av fjorden: bru. Det er framtidsretta og vil kunne ta unna for trafikkauken som alle prognosar seier vil kome – føresett at verda blir «normal» att. Innbyggjarane i Geiranger, Norddal og Eidsdal vil ha ein veg som er open heile døgnet, året rundt og ikkje som no: kolonnekøyrt eit par gongar i timen på dagtid, ein gong i timen på kveldstid og nattestengt. Sjølvsagt må eit slikt prosjekt vere såkalla sjølvfinansierande med tanke på fylkesøkonomien. Men om vi skulle halde fram med bompengar tilsvarande dagens ferjebillett i ein avgrensa periode, trur eg det ville vere akseptabelt for innbyggjarane på sørsida. Så mykje er friheita ein veg som er open for ferdsel heile døgnet verd. Eit anna moment er at bompengar for slike prosjekt er tidsavgrensa, det er ikkje kostnadene knytt til å bruke ferja. Det er ei «bomutgift» som berre vil auke og auke og auke inn «i himmelen». Mange pendlarar er allereie svært nær grensa for kva økonomien deira toler når det gjeld reiseutgifter til og frå arbeid. Utsiktene til at fylkeskommunen i åra som kjem skal halde fram med å føreslå å bruke ferjetakstane og takstsonene til å saldere budsjetta sine, er ikkje særleg lystelege. Med ei ferjefri fjordkryssing slepp ein i tillegg at ferja på Eidsdal-Linge må gå i trekantsamband på fjorden når det går skred. For det er no eingong slik at sjølv når tunnelen i Indreeidsdalen står ferdig og den delen av strekninga mellom Eidsdal og Geiranger er skredsikra, så er det framleis fleire skredpunkt som ikkje er sikra. Som Grandefonna.
Ei bru over fjorden er einaste gode løysinga både på Linge og for Eidsdal. For det kan då ikkje vere noko meining i at mesteparten av sentrum i ei bygd skal raserast for å stette behova til turistane nokre få månader i året? Og resten av året, fryktar eg at dette sambandet vil lide same skjebne som enkelte samband ute på øyane i fylket, med kraftig reduksjon i tal på avgangar dei delane av året då det ikkje er turistar. På grunn av økonomi. Det blir ikkje særleg utvikling av berekraftige og gode lokalsamfunn av slikt.