Fjord kommune har fått tildelt 504.000 kroner i tredje tildelingsrunde som no vert lyst ut. Det melder kommunen på heimesidene sine.
Støtteordninga er retta mot verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale strenge smitteverntiltak i samband med Covid-19, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
Søknadsfrist er 20. august og søknadane vert behandla i formannskapet 2. september 2021.
Kven kan søkje: (frå tildelingsbrevet)
Hensikten med tilskuddet er å sette kommunene bedre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale virksomheter som er særlig hardt rammet av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordningen skal også fungere som en kommunal ventilordning, for å kompensere lokale virksomheter som har falt helt eller delvis utenfor de generelle kompensasjonsordningene.
Krav til søknad
Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitteverntiltak og stenging, inkludert erklæring frå rekneskapsførar/revisor, slik som:
• tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
• ekstra kostnader til smitteverntiltak
• andre kostnader
Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte foretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.
Merk: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.
Søknader sendast inn via www.regionalforvaltning.no.
Rapportering
Fjord kommune og departementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.
Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på Statsbudsjett 2021- Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter (L)(70610).pdf
Dersom du har spørsmål om ordninga, ta kontakt med Fjord kommune v/Charles Tøsse eller Fjordhagen v/Terese Jemtegård Moen.