For å få utbetalt bustøtte til høge straumutgifter i januar, må du søkje innan 31. desember. Så langt har 10.000 fleire enn normalt søkt bustøtte i desember.
Stortinget vedtok før jul å styrkje bustøtta slik at fleire med låge inntekter og høge buutgifter kan få hjelp til høge straumutgifter. Tiltaket gjeld utbetalingar i januar, februar og mars. Førebelse utrekningar viser at dei nye mottakarane vil få i gjennomsnitt 1.100 kroner i støtte per månad, opplyser Husbanken, som fordeler støtta.
Sjølv om det har kome 10.000 nye søkjarar, trur Husbanken at det framleis er mange som kan ha rett til støtte som ikkje har søkt.
– Vi oppmodar alle med låge inntekter til å sjekke via nettsidene våre – www.husbanken.no – om dei kan ha rett til bustøtte, seier Hanne Krogh Lyng Sundbø, avdelingsdirektør for bustøtte i Husbanken.