Tysdag 2. februar opna frisøren og fotterapeuten sine verksemder i sentrum av Valldal. Mange stakk innom for å gratulere dei to unge kvinnene og andre fyrst og fremst for å nytte dei to nye tilboda i Valldal. Marsipankake og kaffi høyrer med til slike høve. Stemninga er veldig god og både kaffien og kaka smakar.
NRK kjem òg innom og intervjuar og lagar ei lita sak til TV og radio. Ein tilfeldigheit, men òg god timing. Lokala er no for det meste klare og salongen er blitt skikkeleg stilig. Lykke til, seier vi!