Førstkomande tysdag inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til bygdemøte i Eidsdal. Dette blir eit informasjonsmøte i samband med at fylkeskommunen i slutten av november startar arbeidet på Eidsdal ferjekai. Det vil bli informert om prosjektet, og om korleis prosjektet skal gjennomførast. I tillegg vil planane for ny ferjekai på Linge bli presentert.
Utbyggingsprosjektet vil vere delt i to. Den første delen startar altså i Eidsdal i slutten av denne månaden med at brubåsen, altså det arealet der ferja legg til, skal djupast ut og botnen skal sikrast mot erosjon. Brua på ferjekaia skal også skiftast ut, i tillegg vil det bli ymse arbeid på landområdet.
På møtet førstkomande tysdag vil fylkeskommunen informere om tidsplanen for arbeidet og kva konsekvensar arbeidet vil få for naboar til prosjektet og ikkje minst, for trafikantane.
Den andre delen av prosjektet startar opp i 2022 og inneheld bygging av ny tilleggskai, eller pir, i Eidsdal og ei heilt ny kai på Linge. På Linge blir det også noko arbeid på landområdet.
Informasjonsmøtet vil omfatte tidsplan og riggområde i Eidsdal for første del, det vil bli sagt noko om støyvurdering i dei ulike fasane – i tillegg til avgrensingar og tiltak.
Ifølgje tidsplanen skal kaiene på begge sider av fjorden vere klare til å ta imot ny nullutsleppsferje med kapasitet på 80 personbileiningar frå og med 1. januar 2024.