Maria Dvergsdal var på ridetur saman med ei jente på veg til Grønningsæter i Valldal då ei kongeørn drap hunden hennar. Då ho snudde seg for å sjå etter hunden, såg ho noko ho trudde var ein flokk med kråker, men så skjønte ho det var ein stor rovfugl som hadde gått laus på Mango, som hunden heitte. Ho steig raskt av hesten og kongeørna tok ikkje av før ho var fire meter unna. Då var hunden død og låg att på vegen med oppriven buk.
– Det var veldig trist. Mango har vore den nære og gode hunden min i 13 år. Det rare var at den ikkje kom med ein lyd. Ørna må ha drepe han momentant. Då vi kom bort til hunden, krinsa ørna over oss, det var ei uhyggeleg oppleving. Slik er naturen, men det å sjå ørna sitje og ete opp katten din, det har skjedd to gongar, er ikkje kjekt. Naboen har òg vore utsett for det same. Barna våre var oppskaka og hadde ikkje mykje til overs for ørna. Eg prøver å fortelje dei at slik er det i naturen og det ikkje er personleg frå ørna si side, men det å ikkje kunne ha smådyr på tunet grunna fare for ørn, likar vi svært dårleg, seier Maria Dvergsdal