Miljødirektoratet informerer no på nettsidene sine om redusert laksefiske i sjøen, i elver med lite laks og der fangstrapportar manglar.
Framlegg om nye forskrifter for fiske på laks, sjøaure og sjørøye i sjø og vassdrag har vore på høyring i perioden 12. juni til 6. september 2020. Det var over 250 høringspartar som sa meininga si. Forskriftene er no vedtekne og tok til å gjelde frå og med 15. mars i år.