I kveld, måndag 22. februar, er det klart at stortingsgruppene i Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt kjem til å fremje eit felles framlegg i Stortinget om ferjetakstar. Det går fram av ei pressemelding frå dei fem partia no i kveld.
Framlegget som vert fremja er slik: «Stortinget ber regjeringen komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2021 med forslag til reduserte fergetakster allerede for inneværende år, og en forpliktende plan for halvering av fergepriser på både riksveg- og fylkesvegsamband. Løsninger for lavere takster for pendlere skal prioriteres og reduksjonen skal finansieres av staten.»
Framlegget vil få fleirtal i Stortinget og vil bli røysta over i samband med behandlinga av økonomiske tiltak i møte med pandemien, som skal opp i Stortinget i morgon, tysdag 23. februar 2021.