Nesten umerkeleg endrar Sylte hotell seg. Det skal sjå ut slik det alltid har gjort og no er det ikkje lenge før dei har kome rundt på utsida. Alle vindauge er sett i stand, kitta og måla. Slik gjer dei det i fyrste omgang og så får dei sjå om det fungerer til deira bruk no i starten.
Ja, vi held på og håper vi vert ferdige utvendig før vinteren set inn. Når neste års turistsesong tek til skal alt vere klart med rom til utleige. Fyrste etasje skal vere frukostsal og opphaldsrom, seier Ole Henrik Uri.