Tannlege Markus Haberberger hadde i 2020 60 prosent permisjon frå arbeidet på Fylkeskommunen sin tannklinikk i Valldal. 1 januar var han attende i Valldal i full stilling.
– Ja no er vi attende på klinikken begge to, kvar vekedag. Det synest eg er bra. No kallast pasientar inn etter tur, listene har vi. Det er òg kjekt for pasientane som slepp å byte tannlege og godt er det å sleppe å reise langt for å få denne tenesta, seier tannhelsesekretær Randi Falling.