Det er ikkje meldt om fleire smittetilfelle i Fjord kommune i dag, onsdag 14. april. Det melder kommunen på heimesidene sine. Men på bakgrunn at det eine tilfellet som ein fekk vite om i går, er det sett i gang smittesporing og testing.
Kommunelegen har også pålagt karantene i relativt stort omfang inntil ein har fått svar på testane som er tekne i dag.
Vi reknar med å ha eit meir utfyllande bilde på situasjonen i morgon, torsdag 15. april. Kommunen minner på nytt om at alle testar seg ved det minste teikn på symptom, og elles ha så få sosiale kontakter som råd.
Det er nasjonale smittevernråd som gjeld over heile landet til 16. april – og kommunen seier dei vil kome med oppdatert informasjon i løpet av morgondagen.