Etter at abonnentane tilknytt Valldal vassverk i lengre tid er blitt rådd til å koke vatn til drikke og til matlaging, melder Fjord kommune no at kokevarselet er oppheva.
Resultat frå vassprøver tekne siste dagane, tilseier at kokevarsel for abonnentar tilknytta Valldal vassverk no kan opphevast. Kommunen vil halde fram med klortilsetting og jamnleg prøvetaking av vatnet framover, seier kommunen på heimesidene sine.