«Mer laks og sjøørret på Sunnmøre» er eit prosjekt leia av Lakselvene på Sunnmøre og finansiert av Hofseth Aqua AS og fleire offentlege bidragsytarar.
Norwegian Research Centre ved faggruppa Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (NORCE LFI) er fagleg ansvarleg og utfører forsking, overvaking og tiltaksanalysar.
Målet med prosjektet er å få ei oversikt over bestanden og identifisere årsakene til negativ bestandsutvikling og setje inn tiltak for å auke bestanden.
Årsrapporten for bestandsovervaking av laks og sjøaure på Sunnmøre er no ferdig. Hausten 2020 vart 17 vassdrag undersøkte og slike årsrapportar vil kome kvar vår så lenge prosjektet varer, men utvalet av vassdrag vil variere.