Fjord kommune melder på heimesidene sine at ein har fått stadfesta 16 nye positive prøvesvar i fredag ettermiddag. Det betyr at det til saman er 22 personar som har fått påvist korona i Fjord kommune. Alle desse personane er nærkontakter og har vore i karantene.
Så langt er det ikkje påvist mutert virusvariant. Kommunedirektøren fortel at testkapasiteten er utvida og at det vil bli utført testar både laurdag laurdag og søndag. Testtelefonen, eller koronatelefonen, open laurdag kl. 0930 – 1200 og nummeret er 418 67 950 eller mobil 418 67 952.