Møre og Romsdal fylkeskommune skal fjerne beredskapsbrua ved det gamle Rønnebergskiftet i Eidsdal, på strekninga mellom Eidsdal og Geiranger. Vegen blir derfor stengt frå laurdag 6. november kl. 21.00 til søndag 7. november kl. 09.00.
Beredskapsbrua har stått sidan delar av ein mur sklei ut 23. april i år. Brua har sørga for at trafikken kan køyre trygt og utan å belaste vegen, medan tunnelstein frå skredsikringsprosjektet Korsmyra-Indreeide har blitt brukt til å legge opp ei støttefylling på utsida. Støttefyllinga er no komen så høgt at ho sikrar fylkesvegen mot utgliding.
Heile vegen sin bredde blir nytta når brua skal demonterast og heisast på bil for transport. Det er derfor ikkje mogleg at trafikken kan køyre forbi.
– Vi har valt å stenge natt til søndag fordi det er tidsrommet med minst trafikk gjennom veka. Slik hindrar vi trafikken i minst mogleg grad, fortel byggeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Oppdatert trafikkinformasjon er å finne på: www.175.no