Fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger er framleis stengt på grunn av skred og skredfare, det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding onsdag 7. april.
Det blir gjort ny vurdering av om det er trygt å starte rydding i morgon, men vêrprognosane fram mot helga er dårlege. Rasferja mellom Geiranger og Hellesylt går så lenge vegen er stengt med avgang frå Hellesylt 08.30, 12.30 og 16.30 og frå Geiranger 09.30, 13.30 og 17.30.
– Det skal halde fram med å snø, det er dårleg sikt og betydeleg snøskredfare. Det må vere trygt for mannskap og trafikantane før det blir aktuelt å starte rydding og etter kvart opning av vegen, seier byggjeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Trafikkmeldingar: www.175.no
Hugs at Møre og Romsdal fylkeskommune har sms-varsling for stengt/open veg på fv. 63 mellom Eidsdal og Geiranger. Trafikantar kan sende GEIRANGER START til 2252 for å melde seg på.