Geiranger får frå 1. januar ferje heile året på strekninga Geiranger-Hellesylt. Håpet er at det nye tilbodet skal auke bulysta og gjere det mogleg å satse på vinterturisme.
Vedtaket i fylkesutvalet i september, og som fylkestinget tysdag bekrefta i behandlinga av økonomiplana, gleder Nils-Andreas Ramsli, prosjektleiar for Omstilling Geirangerfjorden verdsarvområde og omland:
– Heilårsferje er først og fremst verdifullt for dei fastbuande, som bur og jobbar i bygda og må ha den daglege tryggleiken, seier Ramsli.
Verdsarvområde i vinterskrud
Men han ser også moglegheiter for næringslivet generelt og reiselivet spesielt:
– Vi håper og trur at eit slikt heilårstilbod skal bidra til at besøkande ser på Geiranger som eit tilgjengeleg reisemål også vinterstid. Vi veit at det er eit fantastisk område som kan gi unike opplevingar vinterstid – kanskje vel så sterke som den sommarlege trengselen ein kan oppleve elles, seier han.
Ei av målsettingane med omstillingsprosjektet han leiar, er å legge til rette for ein heilårsturisme.
– På den måten kan vi strekke den intensive vår-, sommar og haustsesongen over i ein vintersesong.
– Tiltaket er heilt i tråd med prosjektet sine intensjonar og målsettingar. Møre og Romsdal fylkeskommune er med på planane om å legge til rette for at fartøy som trafikkerer Geirangerfjorden med omland skal ha nye energiberarar. Vi ser sjølvsagt fram til at også ferjer blir bytt ut med eit nullutsleppsalternativ når krava slår inn om nokre år, seier Ramsli.
To faste turar dagleg
Bilferja «Aukra» med plass til 35 personbileiningar, skal trafikkere strekninga i vinter og fram til turistferja tar over i april. «Aukra» skal ha to faste turar dagleg mellom Hellesylt og Geiranger; morgon og ettermiddag. I tillegg vil ho på signal gå ein tur midt på dagen.
Fram til no har det frå 1. desember til 15. april vore beredskapsferje Hellesylt-Geiranger, som har blitt satt inn når vegen har blitt stengt. Ferja som no blir satt inn i fast ruteproduksjon frå nyttår skal gå den delen av året som turistferja ikkje går. Den kommersielle ferja vil trafikkere i turistsesongen fram til og med 2025.
Jesper Wiig, seksjonsleier drift i FRAM, og rådgivar Thor Arne Aasebø, seier at ferja vinterstid skal gå etter fylkeskommunen sitt takstregulativ. Det betyr gratis for passasjerar og vanleg takst for køyretøy.
Bidrar til utvikling
Prosjektet Omstilling Geirangerfjorden verdsarvområde og omland skal bidra til utvikling av Geiranger og verdsarvområdet vårt. Mellom anna å finne løysingar på utfordringane knytt til krav om nullutslepp for den cruisebaserte turismen, samtidig som ein ønsker å legge til rette for ein meir berekraftig heilårsturisme for Geirangerfjorden verdsarvområde og omland.