Om lag klokka halv elleve måndag føremiddag, tok ein lastebil opp i taket i starten av Lingetunnelen om du køyrer mot Ålesund og reiv ned ein del lysarmatur.
Kort tid etter var tunnelen stengt. Etter kvart opna den opp i eitt køyrefelt. Det var lange køar på begge sidene. Akkurat no er det manuell dirigering og når tunnelen opnar begge køyrefelta, er det ingen som kan seie noko om.