Linge-, Blikshammar- og Overåtunnelane, altså dei tre tunnelane mellom Linge og Liabygda, skal sikrast og rustast opp. Det har nok fleire av lesarane våre allereie lagt merke til, for arbeidet er i gang, det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
På kvelds- og nattestid er det kolonnekøyring gjennom tunnelane og dei er også stengde i lengre periodar om natta.
Arbeidet som er i gang handlar om å rive gammal sikring mot vatn og frost, reinske fjell og sikre fjellet med boltar. Så skal det setjast opp ny sikring mot vatn og frost. Inngangane til tunnelane vil også bli sikra med isnett og steinsprangnett.
Ifølgje fylkeskommunen er det ikkej plass til å utføre arbeidet i tunnelane med trafikk i begge retningar, derfor vert det køyrt med ledebil mellom kl 17.30 og kl 23.00 – og ventetida er sagt å vere inntil 15 minutt. Deretter blir tunnelane for det meste stengde, men ein vil sleppe gjennom trafikk mellom midnatt og klokka 03.00 – før dei vert opna for vanleg trafikk kl 06.00.
Arbeidet i tunnelane er venta å vere ferdig i løpet av mars neste år.