Eit nytt bygdemøte der ny og større ferjekai i Eidsdal var tema, vart halde tysdag denne veka.
På grunn av nye koronarestriksjonar vart det eit digitalt bygdemøte denne gongen. Det syntest dei frå Møre og Romsdal fylkeskommune var leitt, dei hadde sett fram til å møte bygdefolket – men når det vart slik, var dei likevel glade for at møtet let seg gjennomføre digitalt.
Mange, både eidsdalingar og norddalingar var å sjå blant deltakarane på møtet, det tyder på at engasjementet for kva som skal skje med Eidsdal sentrum er stort.
Må kunne vurdere og diskutere alt
Planleggar i Fjord kommune, Martin Flatmo Hove, innleia med å seie at fylkeskommunen arbeider med å få fram informasjonsgrunnlag for å kunne velje den beste løysinga for ei ny og større ferjekai i Eidsdal. Han var tydeleg på at ein framleis er på idéstadiet og at ein må vere open for å vurdere og diskutere alle framlegg.
– Det er framleis relativt tidleg i prosessen og ingenting er beslutta enno, sa han før han gav ordet til Merete Løvoll Rønneberg, styreleiar i bygdeutviklingsselskapet Eidsdal Næringsutvikling AS.
Ho fortalde litt om bakgrunnen for engasjementet til Eidsdal Næringsutviklings AS og var samd med Hove i at det på dette stadiet i prosessen løner seg å vere open og sjå på alle moglege framlegg som blir lagt fram, sjølv dei som grip inn i privat eigedom.
– Faginstansar seier at ein må starte breitt, analysere ulike løysingar og ikkje i utgangspunktet vere avvisande til noko, sa ho. Ho fortalde også at det etter førre bygdemøte hadde vore uformell sentrumsprat på kaféen der folk kunne teikne ideane sine på kart.
– Signala vi har fått frå bygda si side er at det må tenkjast heilskapeleg. Vi ønskjer oss eit sentrum som ivaretek innbyggjarane, dei forretningsdrivande – eit innbydande sentrum for både oss fastbuande og dei besøkande, sa ho.
Innbyggjarundersøking
Martin Flatmo Hove fortalde at innbyggjarundersøkinga som vart laga av Distriktssenteret som også bistår Fjord kommune i arbeidet med samfunnsplan, tyder på godt engasjement i bygda.
– Det var stor oppslutning med over 50 svar, noko eg trur vi må vere ganske godt nøgde med. Det er mykje i undersøkinga som viser at det er mykje semje om mange ting og mykje engasjement hos dei som har svart. Det viser at dette bryr dei seg om og har gjort seg tankar om, sa han. Sjølv om undersøkinga viser at det er semje om mykje, er det også ein del ting det er usemje om – til dømes kvar ting bør vere, kva som bør bestå og kva som bør takast vare på.
– Det er som forventa. Det er mange gode innspel som vi tek med oss vidare i arbeidet, sa han.
Bakgrunn for prosjektet
Kristin Fostervold, planprosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune stilte saman med prosjekteringsleiar Morten Søvde og planprosjektleiar Anna Myrstad Strand.
Fostervold gjorde greie for bakgrunnen for prosjektet som er at FRAM har inngått avtale med Fjord1 der ei ferje som kan ta 80 personbileiningar ligg til grunn for kontrakten på sambandet Eidsdal-Linge. Offisiell rutestart for dei nye ferjene er sett til 1. januar 2024.
Ho fortalde vidare at prosjektet er delt i to, der første del er å gjere tiltak på kaikonstruksjonane og del to handlar om tiltak på land. Førebels er det slik at det er sett av midlar til nye kaikonstruksjonar, men ikkje til større tiltak på trafikkområda på land verken i Eidsdal eller på Linge.
Tidspress
Fostervold fortalde at ein no er inne i ein forprosjektfase der det er om å gjere å samle data og informasjon om området. Så skal samferdselsutvalet ha møte 3. februar.
– Då har vi eit ønske om at denne saka blir tatt opp og at denne saka blir behandla. Der vil det vere ei tilråding om kva alternativ vi ser som det beste. De kan seie det slik at 3. februar er D-dagen vår om alt går som det skal. Det betyr at vi har ganske dårleg tid, fortalde Fostervold som la til at når vedtak er gjort, vil ein relativt raskt ha oppstartmøte med Fjord kommune og melde planoppstart etter det der ein vil be om innspel til planprosessen frå publikum og andre offentlege etatar.
– Kor lang tid reguleringsplanen vil ta, er ikkje landa, mykje fordi vi ikkje veit kva alternativ samferdselsutvalet vil gå for, sa ho.
Fostervold såg poenget med å sjå heile Eidsdal sentrum i samanheng, men likevel er bestillinga deira å få på plass ei ny ferjekai.
Ho var innom ein del moment dei må ta omsyn til i prosessen dei no er inne i. Mellom dei er at det er bustader og næringsbygg som kan bli råka av ei utbygging, i tillegg er det naustrekka som ifølgje kulturavdelinga i fylket bør inn på den regionale kulturminneplanen. I tillegg er det freda fornminne i området, og Fostervold hadde allereie teke seg bryet med å undersøke kostnad ved å grave ut det heile. Om lag ti millionar kroner anslår kulturavdelinga det til, og då er det isåfall alt eller ingenting som må gravast opp og takast vare på.
Når det gjeld anleggsperioden, er den viktig. Ifølgje Fostervold kan ein forvente at anleggsarbeidet vil vare i 12-16 månader og ein må helst kunne bruke dagens ferjekai slik at ein får avvikla trafikken omtrent som normalt også i anleggsperioden. I tillegg må dagens kaiområde og oppstillingsområde nyttast til riggområde – om ny kai skal byggjast i same område som noverande ferjekai. Så er det også eventuelle grunnververv, med å kjøpe enten grunn og/eller bygningar som det også må takast omsyn til. Fostervold var tydeleg på at det er reglar for slikt, både i grunnlova og etter vederlagslova. Begge gir føringar for korleis erstatning skal utreknast.
– Det er isåfall ikkje slik at nokon skal bli frårana gard og grunn, men ein skal ha full erstatning, sa ho.
Utfordrande
Fostervold sin kollega Morten Søvde fortalde litt om dei tekniske utfordringane knytt til prosjektet.
Det er krav om djupne i brubåsen, det skal takast høgde for elektrifisering og det vil seie at det er snakk om både teknisk bygg og ladeinnretning.
Søvde slo fast at dagens oppstillingsplass for bilar ikkje er stor nok, og det er noko dei vil peike på at bør gjerast noko med i forprosjektet, sjølv om det i utgangspunktet berre er bestilt ombygging av kaiene. Dessutan er det viktig at av- og påkøyring på ferja er mest mogleg rettlinja for å få god flyt og minimere terminaltida slik at frekvensen på ferjene kan oppretthaldast.
Søvde meinte at særleg om ein tenkjer seg ombygging i nærleiken av dagens plassering, kan det bli komplisert å oppretthalde trafikken i byggjeperioden. Då må det truleg opp ei mellombels løysing, noko liknande den som var på Stranda då tilsvarande arbeid vart gjort der.
I området der eksisterande kai ligg viser grunnboringar at det er langt til fast grunn, altså til fast fjell.
– Men det verkar som om massen er fast og relativt grei å byggje på, meinte han og la til at han syntest det var mange gode framlegg som var presenterte.
Ein annan ting som kompliserer det heile, er dimensjonane på det nye anlegget. Det vil bli mykje større enn dagens ferjeleie og alt i alt såg han det som ganske ressurskrevjande på så mange vis å byggje ny kai på dagens plassering.
Spørsmål frå «salen»
Så vart det opna for spørsmål og debatt.
Per Ove Nydal stilte spørsmål ved om det å få dette opp som politisk sak allereie 3. februar er forsvarleg ettersom det er eit såpass komplisert prosjekt. Fostervold meinte at det skal ein få til.
Det vart frå møtelyden kommentert at storleiken på det nye anlegget, uansett kvar i eksisterande kaiområde det vert lagt, vil leggje beslag på meir eller mindre heile sentrum.
Også Merete Løvoll Rønneberg som hadde leika seg litt med kart og modular i forkant av møtet, måtte innrømme at då ho såg dimensjonane på det som skal byggjast, så vart ho litt «shaky» som ho sa.
Eit anna spørsmål frå møtelyden var om det er gjort skredfarevurderingar av Eidsdal sentrum – korleis det er med skredfaren på aust- og vestsida av sentrum og om det har noko å seie for utbygginga. Til det var svaret frå fylkeskommunen at ja, det har noko å seie.
– Det kjem an på tryggleiksklassa på ferjekaia, men normalt er dei i klasse S2 og då er det berre austsida som er berørt, fortalde Morten Søvde.
Alternativet med bru over fjorden var også nemnd av fleire i møtelyden.
– Bru er noko vi kjem til å jobbe for her inne og vi reknar med at det også ligg i planane dykkar på eitt eller anna tidspunkt. Når ein ser det anlegget de legg opp til her, i kva grad tek de høgde for at det kan kome ei bru om til dømes ti år, var det ein som lurte på.
Anna Myrstad Strand svarte at ho har abeidd med Todalsfjordprosjektet, der planoppstart var allereie i 2016. Det ligg ikkje pengar inne til det prosjektet og ho meinte ein fort snakkar om 10-15 år før prosjektet blir realisert.
– Eg er ikkje kjent med at ei bru her ligg inne på noko prioriteringsliste over investeringsprosjekt, sa ho.
– Det er ingen restverdi i kaiene, vi er heilt nøydde til å byggje nye. Ny bru er ein kamp som må kjempast, supplerte Kristin Fostervold.
Vil bli reaksjonar
Merete Løvoll Rønneberg lurte på kva omfang, altså kor mykje av Eidsdal sentrum som vil bli omfatta av reguleringsplanen som skal utarbeidast.
– Vår plan vil berre gjelde sjølve trafikkområdet. Vi lagar reguleringsplan for ferjekai, oppstillingsområde og eventuelt tilkomstveg. Sentrumsutvikling heng saman med det og ein heil masse anna som vi ikkje har noko med, svara Fostervold.
Ho var også tydeleg på at uansett kva løysing som vert valt, så vil det vere sterke meiningar knytt til det.
– Og ikkje er det sikkert at politikarane går for det vi meiner heller, la ho til.
Det vart frå salen også peikt på at ein må ta høgde for at trafikken på sambandet vil auke i åra som kjem, og spesielt dersom det etter kvart blir heilårsveg austover. Dette var ifølgje fleire eit argument for at ein må ha nok oppstillingsplassar, elles vil berre ferjekøen stå fram gjennom bygda endå oftare enn ein har sett til no.
Har framleis høve til å påverke
Eit anna spørsmål var om løpet er køyrt for innspel om politikarane vedtek noko den 3. februar.
– Nei, då startar reguleringsplanarbeidet – med høyringar og merknader og slike ting. Merknader kan stoppe ein plan også, det er ein ganske demokratisk prosess og det er viktig å vite at ein som innbyggjar i kommunen har høve til å påverke, meinte Fostervold.
Og til sjuande og sist er det kommunestyret i Fjord som skal vedta planen.
– Vi som vegmynde har høve til å trumfe gjennom vegprosjekt og ta det opp endå eit nivå, men det er spesielt isåfall å skulle gå imot eit vedtak i eit kommunestyre, sjølv om vi formelt har høve til det, supplerte Anna Myrstad Strand.
Løpet er altså ikkje køyrt om samferdselsutvalet 3. februar vedtek noko i denne saka, sjølv om ein del føringar då er gitt. Det er rikeleg høve til å kome med innspel og merknader også etter det.