Oppmodinga kjem frå Merete Myklebust i Valldal Kailag AS, Terese Jemtegård Moen frå Fjordhagen AS og dugnadsgeneral Arvid Frostad. Dei treng hender til å hjelpe seg med å byggje treplatting og torgboder til kaia i Valldal.
Storfjordnytt trefte dei tre ein sur og kald tidleg morgon i førre veke, der dei fortel om samarbeidet mellom Fjord kommune og kailaget – som skal gjere «siste finish» på kaiområdet i samband med første byggje-trinn i tettstadprosjektet.
– Det skal lagast til ein platting som rammar inn bukta mellom ferjelemmen og kaihuset, og blir også startpunktet for pilegrimsleia, seier Merete Myklebust.
– Kva slags type dugnadsfolk har de behov for?
– Snikkarkyndige er ein fordel, men alle andre som har ei hand å bidra med er velkomne, seier Arvid Frostad som seier at dei reknar med at om det blir nok folk, er det ikkje sikkert arbeidet tek så lang tid. Han ser føre seg nokre kveldar på ein tre-fire timar per gong.
– Det er så stor plass her nede at vi med tanke på smittevernrestriksjonar trygt kan køyre to parallelle arbeidslag, seier han og legg til at arbeidet vil gå føre seg på ettermiddag kveld. Det er både meir sosialt og det gjer det også lettare for dei som er på jobb på dagtid å delta.
Materiala som skal brukast kjem rett før 17. mai, og ein ser føre seg at dugnaden vil gå føre seg frå 18. mai og til midten av juni.
– Og sjølv om vi seier at det ville vere kjekt med snikkarkyndige, er det arbeid for alle som vil delta, slår Frostad fast.
– Vi ønsker også kontakt med dei som har lyst til å bidra med dugnadsmat og -drikke, om nokon har lyst til å stille på dugnad med det, er dei hjarteleg velkomne til det også, supplerer Myklebust.
Å legge siste hand på treplattingen mot sjøen er som sagt siste finish på arealet nede ved kaia der kailaget eig noko av arealet og kommunen noko.
– For å få ein heilskapeleg utsjånad og utforming, køyrer vi dette som eit felles prosjekt, seier Jemtegård Moen som også treng folk til å ferdigstille det som skal bli torgboder på kaia. Dette arbeidet føregår innandørs på Omenås Sagbruk, der grindbygget allereie står klar. Her er det legging av tretak og montering av bordkledning og lemmar som er hovudarbeidsoppgåvene. Dugnadsarbeidet med torgbodene startar 10.mai og målet er å bli ferdig til midten av juni.
– Bli med då vel, seier Myklebust og legg til at ein blir glad av dugnad. Ho fortel at det å vere med slik saman med andre produserer lykkehormon.
Har du lyst til å melde deg til teneste, ta kontakt med Arvid Frostad som koordinerer bygging av treplatting, Merete Myklebust som koordinerer dugnadsmat og Terese Jemtegård Moen som koordinerer bygging av torgboder, helst skriftleg på sms eller messenger.