Det er stadfesta ein ny smitta person i Fjord kommune i dag. Dette var ein som tok testen i går, søndag. Det er snakk om ein nærkontakt til ein annan smitta person som har vore i karantene.
Måndag 29. mars har det vore testa om lag 50 personar ved teststasjonen. Testkapasiteten i kommunen vert vurdert å vere god.
Det er i dag avlagt ein positiv hurtigtest, så derfor er det forventa at vi også i morgon vil få stadfesta ein ny person med smitte Også i dette tilfelle er det snakk om ein person som har vore i karantene og som er nærkontakt til ein annan med påvist smitte.
Sjølv om kommunen meiner å ha god kontroll over situasjonen no, ver likevel alle oppmoda om å opptre i tråd med smittevernreglane. Ein har fått erfare at ting kan endre seg raskt og dess fleire folk som møtast eller flyttar på seg, dess lettare kan eventuell smitte ta nye vegar.