Fjord kommune melder i dag på heimesidene sine at kommunen ikkje har lokale smittevernreglar no. Det er nasjonale anbefalingar og reglar som gjeld. Regjeringa skil mellom generelle råd, anbefalingar og forskriftsfesta tiltak.
Det er dei nasjonale retningslinjene som gjeld i Fjord kommune.
Det er venta auka smitte ved spreiing av omikronviruset, og vi må alle vere med på den nasjonale dugnaden, står det å lese på kommunen sine sider. I tillegg vert alle oppmoda om å følgje dei nasjonale retningslinjene, samt å vaksinere seg.
Når det gjeld organiserte fritidsaktivitetar innandørs i Stordalshallen og Martin Linge-Huset, er det slik at dei over 20 år som utøver kontaktidrett (taekwondo, fotball, Volleyball, bryting etc.) ikkje kan utøve den type aktivitet i perioden 9. desember-6. januar. Aktivitetar der ein kan halde avstand kan gjennomførast som normalt (klatring, badminton, frisbeegolf), men i grupper på maks 20 stk. Den enkelte idrett er ansvarleg for å gjennomføre i samsvar med smittevernreglane og ha kontroll på deltakarane i tilfelle smittesporing.