Fjord kommune har bestemt seg for å følgje dei nye nasjonale smitteverntiltaka som vart presenterte tysdag kveld. Dermed blir det inga lokal forskrift slik ein først hadde tenkt.
Grunnen til det er at dei nasjonale reglane dekkjer mykje av det som låg i utkastet til lokal forskrift – og enkelte av tiltaka frå nasjonalt hald var strengare enn i utkast til lokal forskrift, mellom anna at «meteren» no er blitt til to meter. Dei nye nasjonale tiltaka gjeld frå i dag, torsdag 25. mars og fram til og med søndag 11. april.
Kommunedirektør i Fjord kommune, Karl André Birkhol, seier at kommunen følgjer dei nasjonale tiltaka fullt ut og at det ikkje vert lokale restriksjonar utover det. Dermed vil til dømes varmestova i skianlegget på Overøye ikkje verte stengt slik det vart diskutert på eit møte tysdag morgon, men dei må som alle andre planleggje drifta i samsvar med nasjonale reglar og tilrådingar.
Nye reglar
• Det er forbode å skjenke alkohol.
• Det er forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, men det vert gjort unnatak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
• Treningssenter kan berre halde ope for kommunen sine eigne innbyggjarar, med unnatak for rehabilitering, individuell trening og behandling.
• Symjehallar skal haldast stengde, med unnatak for barn på symjetrening og personar som treng basseng til rehabilitering.
• Arbeidsgjevar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogleg.
• Alle planlagde arrangement vert tilrådd avlyste.
• I gravferder vert det tillatt med 50 personar når det vert nytta faste tilviste plassar.
Nye tilrådingar
• Ein-meteren blir til to-meteren, det vil seie at dei du til no har halde minst éin meter avstand til, bør du frå no av halde minst to meter avstand til.
• Ha få kontaktar – og dei same over tid. Tilrådinga er maks ti sosiale kontaktar per veke.
• Ein kan ha maks to gjestar på besøk.
• Det vert tilrådd bruk av munnbind alle stader der det ikkje er mogleg å halde to meter avstand.
• Alle reiser som ikkje er nødvendige, vert tilrådd utsett. Unnatak er reiser til arbeid når heimekontor ikkje er mogleg, reise heim for studentar utan familie der dei studerer.
Påskeferien
Dei nye nasjonale tiltaka gjeld også i påska – uansett kvar folk er i påska. Det aller viktigaste er at vi reiser så lite som mogleg og treffer så få som mogleg for å hindre at smitte spreier seg.
Det er altså lov å reise på hytta, men berre saman med eigen husstand.
Kjem du frå eit område med høg smitte, bør du ikkje overnatte på hotell eller lignande i påska. Du bør heller ikkje reise på – eller ha – overnattingsbesøk.
Tilrådinga om å ha besøk av berre to personar og to meter avstand gjeld både heime og på hytta.
Om du bor på ein stad der kommunen rår frå å ha besøk heime, bør du heller ikkje ha besøk der du tilbringer påska.
Tilrådinga om å halde to meter avstand gjeld uansett kvar du er i påska, enten det no er heime, på fjellet eller andre stader.
Det vert tilrådd å unngå stader der mange menneske er samla og bruke munnbind der det er vanskeleg å halde avstand, både på fjellet og elles.
Hald deg heime om du ikkje er frisk og ha låg terskel for å teste deg ved mistanke om snitte.
Hald deg heime om du er i karantene eller ventar på svar på koronatest.
Ei fullstendig liste over reglar og tilrådingar frå nasjonalt hald er å finne på Fjord kommune sine heimesider.
Ferje, buss og drosje
I tillegg tilrår FRAM at passasjerar som reiser med ferjene i Møre og Romsdal i størst mogleg grad vert sitjande i iblane sine under overfarten. I tillegg vert det tilrådd at alle som reiser kollektivt brukar munnbind på heile reisa. Dette gjeld og i kommunar som ikkje har innført påbod om bruk av munnbind og gjeld på buss, hurtigbåt og ferje.
Også i drosjene kan det vere vanskeleg å halde to meter avstand, slik at munnbindbruk er greitt også der.