Seint i går kveld, torsdag 25. mars, kom meldinga om at tre nye hadde fått påvist Covid-19. Til saman har vi seks personar med stadfesta smitte. Det er ein klar innbyrdes samanheng mellom alle desse personane. I går vart det også avlagt fleire positive hurtigtestar, og det er forventa at desse vil verte stadfesta positive i løpet av dagen i dag, fredag 26. mars. Dette gjer at vi har å gjere med eit nokså omfattande utbrot, men også dei positive hurtigtestane har klar relasjon til dei som er stadfesta smitta. Vi kjenner ikkje til opphavet til smitten, men alle dei som til no har fått påvist smitte, har samanheng med eit smitteutbrot hos Tafjord Kraftproduksjon.
Vi testar no svært breitt og har auka opp testkapasiteten vår. I går vart det tatt seksti testar på vår teststasjon. Det vert også testa mange vidare framover, også laurdag og søndag. I løpet av helga vil vi få svar på desse prøvane.
Vi har å gjere med eit omfattande utbrot i vår målestokk, noko som i seg sjølv er alvorleg nok. Vi får opplyst at dei fleste av dei smitta har milde til moderate influensasymptom, medan ein av dei smitta er innlagt på Ålesund sjukehus.
Det som så langt er bra, er at dei smitta har nær relasjon til kvarandre, og så langt ser det ikkje ut til at smitten har breidd seg som såkalla laussmitte. Dette vil vi imidlertid vite mykje meir om i løpet av helga, så vi oppmodar alle til å strengt overhalde eventuell karantene, samt etterleve smittevernreglane. Situasjonen understrekar kor viktig det er å ha få nærkontakter.
Kommunen har fått spørsmål om kvifor det ikkje alltid er samanfall mellom dei smittetala som vert kunngjort i VG og andre aviser, og det som går fram på våre heimesider. Det har i hovudsak to årsaker: Avisene brukar statistikk basert på folkeregisteret i staden for bustadadresse. Dermed kan det bli registrert smitta personar under Fjord kommune, som ikkje bur eller oppheldt seg her. Ein annan grunn er at somme aviser har døgnkontinuerleg overvaking av registrerte smittetal, medan vi forheld oss til stadfesta smittetilfelle som vert meldt oss frå mikrobiologisk avdeling i Molde.
Vi har også fått spørsmål om korleis denne smittesituasjonen vil påverke Fjord kommune si handtering av den føreståande påska. Dette smitteutbrotet vil sjølvsagt medføre at vi må ruste oss for hardt arbeidspress innan helsesektoren. Vi har hatt møte med både Statsforvaltaren og FHI og har fått råd og informasjon. Dersom situasjonen held fram med å eskalere, må vi i ein gitt situasjon truleg måtte få hjelp frå andre for å kunne halde oppe testkapasitet og kapasitet innan helsetenestene generelt.
Vi har innført besøksrestriksjonar på sjukeheimane våre. Vi har ikkje same høvet til å pålegge restriksjonar når det gjeld besøk i bemanna omsorgsbustader, men vi vil på det aller sterkaste be pårørande om å vente med besøk her til vi har ein meir avklart situasjon.
Fjord kommune har normalt mange tilreisande hyttegjestar i påska. Det er nasjonalt gitt klare råd og reglar for korleis ein skal oppføre seg som hyttegjest. Så lenge vi har oversikt over smittesituasjonen og dersom smitten framleis er konsentrert, vil vi ikkje gå over til noko strengare tiltaksnivå enn det som er gjeldande reglar i dag. Men vi understrekar på det aller sterkaste at alle – både fastbuande og tilreisande – må overhalde alle smittevernreglar og rette seg etter alle råd. Vi veit nemleg at det ikkje berre er Fjord kommune som opplever auka smittetal. Same situasjonen er gjeldande i mange kommunar. Reising mellom bygder og kommunar og kontakt mellom folk, kan avgjort medføre smitterisiko. Det påligg oss alle eit stort ansvar. Vi veit no kor fort ein situasjon kan snu og det er ikkje alltid gitt at ein kan gjenvinne kontroll.
Vi har elles avtalt med FHI at vi når som helst kan ta kontakt med dei for å vurdere strengare tiltak. Kommunen kan sjølv innføre eiga forskrift som fastset strengare reglar enn dei nasjonale. FHI har skildra nokre tiltak som er aktuelle å vurdere om situasjonen skulle tilseie at det vert nødvendig. Vi håper sjølvsagt det ikkje skal verte nødvendig, og kryssar fingrar for at alle respekterer dei reglane som no gjeld. Avgrensa sosial kontakt er det aller viktigaste – saman med avstand og hygiene.