Vaksenopplæringa i Fjord kommune held fram med å vere på skulen i Valldal. Tilbodet til vaksenopplæringa i dag er opplæring for vaksne utviklingshemma, vaksne innvandrar som har rett og plikt til norskopplæring, samt arbeidsinnvandrarar som ynskjer norskopplæring.
Det er rektor ved Valldal skule som administrerer ordninga og no er det ei stor gruppe med arbeidsinnvandrarar som går på norskkurs, nivå A-1.
Fleire norske gjestar
– Det var Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger som tok kontakt og som gjerne ville nytte høvet no når aktiviteten er liten på hotellet og mange fleire norske gjestar er venta når sesongen tek til. Då er det endå viktigare at dei tilsette betrar norskkunnskapane sine. Geiranger Fjordservice og Blåtind er òg representerte, i tillegg til nokre som er med på privat initiativ og som i dag ikkje har arbeidsgjevar. Det er ei fin gruppe på 14 deltakarar som tok til 18. januar og dei skal halde på kvar torsdag fram til midten av mai, seier rektor ved Valldal skule, Mariann Birkhol.
Engasjerte elevar
Dei fleste av deltakarane bur i Geiranger, Eidsdal og Norddal, og kjem frå Nederland, Slovenia, Skottland, New Zealand, Bulgaria, Slovenia, Litauen og Estland.
– Eg vart overraska over kor stor oppslutninga var og elevane er veldig lærevillige, vil gjerne tileigne seg det norske språket òg for å integrere seg betre og for å kunne snakke norsk med gjestane på arbeidsplassen. Dei er utruleg engasjerte og det er veldig kjekt å vere lærar for slike blide og vaksne menneske, seier norsklæraren og legg til at elevane må stå på og gjere mykje heimelekse for å verte ferdige og å få mest mogleg ut av kurset.
Det er lett for at det engelske språket nyttast når gjestane kjem frå mange land og då vert det til at same språket vert nytta til kommunikasjon òg med leiing og kollegaer. Då grensene vart stengde og gjestane for ein stor del er norske, skjer det ei endring. Elevane på vaksenopplæringa for innvandrarar har høyrt mykje av det norske språket, no jobbar dei med å skjøne bruken av det.
Radka
– Eg treng å snakke norsk no når det er så mange norske gjestar. Det gjer gjestane meir komfortable, og det er viktig. Eg synest uttalen av orda er litt vanskeleg, men eg vil og eg må arbeide med leksene så eg får det til på best mogleg vis, seier Radka som kjem frå Tjekkia og som bur i Norddal og Stordal og arbeider på Blåtind og Petrines Gjestgiveri.
Mihhail
– Monja Mjelva ville vi skulle lære meir norsk og vi er til saman sju frå Hotel Union på norskkurs her i Valldal. Eg har budd i Noreg sidan 2006 og har høyrt mykje norsk og det gjer at det ikkje er så vanskeleg å lære. Når du kan fleire språk vert det òg lettare å lære eit nytt, og norsk er ikkje så vanskeleg. Frå før snakkar eg russisk, estisk, engelsk og meir og meir norsk. Eg er veldig glad i naturen i Geiranger, du må nesten like natur når du skal bu i der, seier Mihhail.
Storfjordnytt vert sitjande medan undervisinga held fram. Pakkar saman fotoapparat og anna og det vert snakka om preposisjonar. Det kan vere litt vrient, og einaste måten er å øve og lære og prøve å forstå kva for ein som skal brukast når.