Det er ein spesiell dag for Fjord kommune dette, laurdag 27. mars 2021. Ein lesar med god utsikt ned på området ved helsehuset i Valldal har sendt oss bilete av ein lang, lang kø av bilar. Koronatestinga føregår ved at folk vert sitjande i bilen når dei tek koronatesten, og ventetida blir nok lang for mange før testen er tatt.