Søndag 3. januar innførte regjeringa nye koronatiltak som skal gjelde dei to første vekene av januar. Fjord kommune tilpassar seg dei sentrale tiltaka og det er særleg for ungdomsskuleelevane at det vil vere endringar.
Skular, barnehagar og kulturskulen
Det står å lese på kommunen sine heimesider at ettersom det er skilnad på skuleskyssordningane ved dei tre skulane i kommunen, har ein landa på ei lokalt tilpassa skoledrift.
8., 9. og 10. klasse ved Valldal skule skal ha heimeundervisning frå og med tysdag 5. januar og til og med fredag 8. januar. Grunngjevinga for det er mellom anna lite plass på skulebussen.
Ungdomsskuleelevane ved Stordal og Eidsdal skular har ordinær undervisning ved skulen – men med tiltak tilpassa raudt nivå som betyr strengare organisering av skulekvardagen.
For barnehagane og barneskulane i kommunen blir det som før på gult nivå.
Kulturskulen startar opp som planlagt. Dei fleste elevane i kulturskulen er elevar i barneskolen og vil vere på «gult nivå». Der det er aktuelt, vil det bli gitt tilbod om digital undervisning.
Kommunale bygg
Dei kommunale bygga slik som rådhuset i Valldal, institusjonane og legekontora, vil det dere som før. Rådhuset vil dere ope, på institusjonane må ein framleis avtale besøk på førehand og ein skal ikkje møte opp utan avtale på legekontora. På kommunehuset i Stordal vil ytterdøra dere stengt, så om du skal dit, bruk ringeklokka.
I tillegg kjem ikkje kommunen sine tilsette til å delta fysisk på eksterne møte eller på møte med eksterne deltakarar i tida som kjem.
Idrett og kultur
Alle innandørs kulturarrangement vert avlyste.
Idrettshallene vert stengte utanom skulane sin bruk.
Frivilligsentralene og ungdomsklubbene vert stengte.
Biblioteka held ope, men spesielle arrangement som til dømes sjakklubben ved biblioteket i Valldal, vert avlyste.
Treningssentera kan halde ope, men med strenge smitteverntiltak.
Aktivitetar utandørs kan gjennomførast dersom det er mogleg å halde god avstand.