Fjord kommune har i dag, torsdag 6. mai, via hurtigtest fått påvist smitte hos ein innbyggjar i kommunen. Nærkontakter er sett i karantene.
Det er sett ventekarantene for elevar ved Stordal Skule i 1-4. klasse samt 7. klasse. Også 7, 8 og 9. klasse ved Eidsdal skule, og 7. og 8. klasse ved Valldal skule er sett i ventekarantene då dei er samla på leirskule på Bjørnsund denne veka. Alle elevar fra leirskuleopphaldet blir testa i morgon.
Smittekjelda til den smitta er kjent, og sjåast i relasjon med utbrot i Ålesund.