Fjord kommune fortel på heimesidene sine at smittesporingsteamet mottek mange spørsmål om kva karantenereglar som gjeld for dei eller deira barn.
Smittesporingsteamet fortel at det er over 200 nærkontaktar i systemet, og det er svært vanskeleg å kunne gi individuelle svar om karantener, spesielt når det gjeld skulebarn, fordi ein ikkje med sikkerheit kan kartlegge alle nærkontaktene deira. Det vert arbeidd ut frå eit føre var-prinsipp og er dei i tvil, vel dei å karantenesette til dei er heilt sikre på at det er trygt å frigjere frå karantene.
I tillegg vert prosessen vanskeleg då relasjonane naturlegvis er infløkte, og ein kan vere nærkontakt både på skule, familie eller fritidsaktivitet. Difor kan ein motta tilsynelatande motstridande meldingar om at ein kan frigjerast fra éi karantene men ikkje frå ei anna. Det er difor viktig at føresatte sjølv, eller eventuelt andre berørte, held oversikt over dei situasjonene dei har vore involverte i. Er ein usikker ønsker smittesporingsteamet at dei også vel ut frå eit føre var-prinsipp – og dei set stor pris på hjelp i dette arbeidet.
Konkrete større karantenesituasjonar:
- Dei som har sete heilt i nærleiken av dei smitta på buss skal ha fått eksplisitt beskjed om dette. Det vert ut i frå eit føre var-prinsipp tilrådd at alle barna på bussane vert haldne i karantene.
- 5. klasse og 7-10.klasse ved Valldal skule er ikkje i karantene.
- Det har vore mistanke om potensiell smitte ved Eidsdal skule. Difor er fleire klasser og lærarar sett i foreløpig karantene, og resten av husstanden er i ventekarantene. Situasjonen er ikkje avklart, og ein forventer endeleg svar onsdag 31. mars. Dei involverte vil få beskjed om dei vert frigjort frå karantene.
Kommunen minner samtidig om at endringar og kontrabeskjedar kan kome fortløpande.