Samfunn: I førre veke var biblioteket i Valldal i gang med ein ny runde av «Sofa», og gjesten denne gongen var ein kar kledeleg iført uniform, nemleg Øyvind Verpeide som er politikontakt i Fjord kommune.
Etter å ha presentert seg, fortalde Verpeide litt om ordninga med politikontakt – og ikkje minst, kva han driv med når han ein gong i månaden har kontortid i Fjord kommune.
Organisering
For det er slik at alle kommunar i heile landet har sin eigen politikontakt og Verpeide er tydeleg på at ein ønskjer å vere til stades i kommunen, særleg for å drive førebyggjande arbeid.
Han fortalde litt om organiseringa av politidistriktet – at «vår» politistasjon på Vatneeidet organisatorisk ligg inn under Ålesund. Dei på Vatneeidet driv for det meste med førebygging og etterforsking, men hjelper sjølvsagt til dei operative einingane når det er behov for det, kunne politikontakten fortelje. Sjølv har Verpeide vore i Politiet i over 40 år, og har vore med på mange endringar i organisasjonsstrukturen, særleg dei siste åra.
«Passbussen» var han også innom, den er innom Valldal no og då – og det er mogleg å tinge seg time hos «passbussen» for å fornye pass eller skaffe seg id-kort.
Kva ein politikontakt er
Ein politikontakt er altså det daglege kontaktleddet med kommunane og er rådgjevar når det gjeld det kriminalitetsførebyggjande arbeidet i kommunen. Mellom hovudoppgåvene til politikontakten er å sørge for å følgje opp nærpolitirolla, altså eit lokalt forankra politi. I tillegg til å gje råd om førebygging av kriminalitet, skal politikontakten også bidra til å få politi og kommune til å samarbeide og handle heilskapleg.
Det er viktig at politikontakten har god lokalkunnskap – og det skal jobbast kunnskapsbasert og målretta. I tillegg er politikontakten i Fjord del av kommunen sitt kriseteam – og Verpeide kunne fortelje at i dei snart to åra koronapandemien har pågått, så har det periodevis vore svært hyppige møte i kriseleiinga der også han har delteke.
Ta kontakt!
Øyvind Verpeide er ein likandes kar – og likar å vere på fornamn, enten det no er med dei tilsette i kommunen, lokalavisa eller andre. Med det håper han at folk kjenner at det er greitt å kontakte politiet om smått og stort.
– Ta kontakt, ha dialog er viktig. Politiet veit ikkje alt og om vi ikkje veit kva som føregår, kan vi heller ikkje gjere noko med det, slo Verpeide fast og meinte at det er stor skilnad på angiveri og å uttrykkje bekymring over noko.
Om innbyggjarane ser noko dei er uroa over, til dømes råkøyring i sentrum av bygdene eller anna, så ber Verpeide om at folk tek kontakt. Med omsyn til uvettig køyring, kan ein dermed planleggje å sende ein bil innover fjorden på tider der det erfaringsmessig kan vere noko å ta tak i.
– Vi ønskjer å vere kunnskapsstyrte, derfor er det viktig for oss å få informasjon. Og det er ikkje snakk om angiveri altså, meiner han.
Mange spørsmål
Dei som var til stades under førre vekes «Sofa», var aktive med å stille spørsmål. Forutan spørsmålet om kva ein gjer om ein ser ting, til dømes uvettig køyring, så var dette med responstid noko dei var opptekne av. Altså, kvifor politiet så godt som alltid er siste «blålysetat» på staden når noko skjer.
– Når noko skjer her, må politiet køyre heilt frå Ålesund? var det ei som ville vite.
Verpeide kunne fortelje at responstid er noko alle politidistrikt rundt om i heile landet blir målt på, men presiserte at responstida berre gjeld akuttoppdrag. Når det gjeld andre hendingar, er det slik at det er operasjonssentralen som har oversikta over kvar dei ulike bilane er til ei kvar tid og som styrer bilar ute på oppdrag. Og kjem det inn ei melding om noko, vil den patrulja som er nærast normalt bli sendt dit det er behov for dei. Verpeide meinte også at med den nye organiseringa så er det meir politi ute enn før.
– Ikkje slik som før då det var små lensmannskontor, gjerne med ein kontortilsett, ein lensmann og ein i uniform, men det var ingen frå lensmannskontoret som var aktive ute i distriktet, sa han.
Låg terskel
Han ber altså innbyggjarane i Fjord om å ha låg terskel for å ta kontakt med han.
– Namn og nummer til meg ligg på heimesidene til Fjord kommune, og det er berre å ta kontakt, sa han, men bad pent om at ein på kveldstid og i helgane brukar andre nummer til politiet enn mobilnummeret hans.
Poenget er ifølgje Verpeide at politiet skal vere lett tilgjengeleg for innbyggjarane, og noko av ideen med politikontakten er også at folk skal vite kven dei kan ta kontakt med.
– Og om eg ikkje kan hjelpe, så skal de vere trygge på at eg skal vise dykk vidare til nokon som kan. De skal alltid få hjelp, slår han fast.