Fjord kommune mottok onsdag kveld melding om at tre vaksne personar har testa positivt på Covid-19. Smittesporinga har vist at situasjonen er uoversiktleg og smittekjelda er ukjent, det melder kommunen på heimesidene sine.
Det vert for tida gjennomført omfattande testing og smittesporing. Dette betyr at mange vert sett i karantene og ventekarantene.
I denne situasjonen har Fjord kommune vedteke å stenge Valldal skule fram til påske. Vidare er det innført raudt nivå og heimeundervisning for dei andre skulane i kommunen fram til påskeferien. Likeeins barnehagane i kommunen stengde resten av denne veka.
Kommunen seier at tiltaka er gjort etter eit førevar-prinsipp – inntil ein får betre oversikt over situasjonen. Tiltaka er elles gjort i samråd med FHI og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Ny informasjon vert lagt ut fortløpande på kommunen sine sider.
Fjord kommune rår på det sterkaste til å bruke munnbind på skulebussar og annan kollektivtransport. Busselskapa har for sin del vedteke at på- og avstiging på buss skal skje gjennom bakre dør.
Institusjonane blir stengde for besøk inntil situasjonen er meir avklart. Omsorgsbustadane er ikkje stengde for besøk, men ein oppmodar på det sterkaste å unngå å reise på besøk dei komande dagane.
Kommunen oppmodar alle om å ha minst mogleg kontakt med andre og å redusere reising til eit minimum.
Det blir lagt opp til omfattande testing dei komande dagane. Ifølgje kommunen vil det kome meir informasjon om dette.
Meir informasjon omgrepa isolat, karantene og ventekarantene – og korleis ein forheld seg til dette, er å finne på heimesidene til Fjord kommune.